Bildebøker om Nordfjord og Flora frå Selja forlag

Eit bilete seier meir enn tusen ord, heiter det. ”Panorama Nordfjord” og ”Ein dag i Flora” er to særs ulike ”biletbøker” frå Selje forlag.

Denne kulturbloggen er grunnlag for radioprat måndag 16 november. Vil du høyre radiokuttet så kan du klikke på bøker med vekt på bilde.

Nordfjordboka fotograferer seg steg for steg frå Stadlandet inn fjorden til Stryn og ut att på sørsida til Bremanger. Kommune for kommune. Her skal alle finne sitt. Kvalitetsbilete med djupne av Thomas Blickhart. Vakre bilete som kveikjer lokalpatriotismen. Mest natur. Litt folk og dyr. Kulturminne og folkeliv. Mest kvardagar, men også mykje fest. Godt å kunne nyte skuter frå ”Tall Ships” utan revisjonsmerknader.

Øystein Rakkenes har skrive korte og velformulerte tekstar til bileta. Over 200 sider med Nordfjord-romantikk. Ei kjærleiksbok har ofte det vesle lyte at ein kjem for nær den ein elskar. Panorama Nordfjord lid litt under dette. Det vert så vakkert at vi ikkje lit heilt på det. Det er mange bøker i denne klassen. Denne er vakker og vil nå heim der ho høyrer heime, men elles ”stikk ho seg ikkje ut”. Vakker, men likevel på det jamne ….. om det går an å seie det slik.

”Ein dag i Flora” 09.06.09 er ikkje så vakker. Bilettekstane er ikkje alltid så elegante. Men likevel; denne boka har meir sjel. Her har 86 fotografar fått 260 foto på trykk mellom mjuke permar. Bileta fyl eit døgn i juli i Flora i alle 24 timane. Biletkvaliteten er varierande, men akk så ekte og ujålete; Pøbbliv og natt på hamna, fjøsstell og gutta på verftet, barnehage og pause på lærarromet på vidaregåande, hurtigrute og flyavgang, kystmuse og helleristingar, byorginalar og plakatveggar, stolte skuter og mykje meir.

Ein orginal ide. Ei fin gjennomføring frå Selja i samarbeid med Firdaposten. Eg trur ikkje Flora har vesentleg meir sjel enn Nordfjord, men det lause og uhøgtidelege grepet gjer at Florø-boka kommuniserer betre med meg som nøytral lesar.

Dette er lokale bøker retta inn for ein lokal marknad. Der fungerer båe godt. For nøytrale lesarar/sjåarar bør dei som likar glans velje Panorama Nordfjord, men for oss som føretrekk ei litt røffare og upolert sjel – så held eg ein rufsete og kjærleg knapp på ”Ein dag i Flora”!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *