Megger i vinden med typespel i toppklasse

Meggerevyen i Dale gjorde si klart beste framsyning i helga. Eg var på premiere med stinn brakke. Fire spreke damer gir oss ei framsyning på ein og trekvarttime i ein strekk. Her er sprut, flyt, tempo og speleglede …. og eit framifrå band og drivande godt melodivalg.

(Denne kulturbloggen er grunnlag for ein radioprat måndag 9. nov. Høyr innslaget ved å klikke på meggene.)

Det sterkaste på meggerevyen er det utstuderte og sprelske typespelet. Typer frå lokalmiljøet og generelle typer. La meg nemne ”to høgdare”; Dei tre ekskluderte senterpartistane som ved ein feil fekk tilsendt innbetalingskort for partikontingent gjorde eit kosteleg nummer. Kvinner som spelar staute og sjølvtrygge karar på ein måte der du berre må gi deg over.

Eit anna nummer spelt av ei megge med underbuksa rundt anklane var glimrande. Nummeret heiter ”Fløytelåt” og det var spelt av ei dame …..trestemt! So kan de telje og tenkje. Eg har tidlegare kritisert meggene for å ha tendens til det plumpe. Om ”Fløytelåt” seier eg kort og godt; Raffinert underbuksehumor.

Meggene torer også å vere alvorlege; dei serverte ein sterk song om to sentrale menn i bygda som gjekk bort sist år; Magne Bjergene og Kåre Solheim. Vakkert. Skal ein vere kritisk for revyen samla, så kunne eg ynskt meg enno meir variasjon i revyuttrykket, men det er utruleg vanskeleg å få til når alt kviler på berre fire megger. Du kan til dømes ikkje få massenummer!

Scenografien er enkel og skifta glir. Meggene brukar ikkje ekstern instruktør. Eg trur dei hadde tent på det, for nokre av nummera (inkludert startvideoen) kunne med fordel vore korta litt ned. Ti minutt borte ville gjort den kjempegode revyen enno betre.

Meggene evnar å kombinere det lokale med det generelle. Ein lokalrevy som er kjekk å sjå for fleire enn dei som bur i Fjaler. Og her kjem det sterke typespelet inn for fullt. Sjølv dei nummera som er ultralokale eller der teksten ikkje alltid er heilt i toppklasse, så kompenserer det glitrande typespelet for dette.

Meggene skriv alt og spelar sjølve. Imponerande kraftinnsats. Og dei får raust betalt av bygdefolket. Eg vert overraska om ikkje dette går for fulle hus – også neste helg. Meggene er i godt inngrep med sitt trufaste og entusiastiske publikum.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Megger i vinden med typespel i toppklasse

  1. Vidar Samuelsen sier:

    Flott, gleder meg til neste helg når eg skal sjå revyen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *