Levd liv – Noregssoga med sognasleng

Denne kulturbloggen gav grunnlag for radioprat onsdag 4. november. Du kan høyre dette levdliv kuttet her.

Ei bok om sogningane og museet deira – dei Heibergske samlingar på Kaupanger. Forfattarane tek eit framifrå forteljargrep. Dei fortel den generelle soga frå steinalderen og heilt fram til husa i ferdighuskatalogane i vår samtid. Den fortel om folket i kvardag og fest.

Vi får fortalt den generelle Noregshistoria med aktuelle lokale døme og bilete frå museet. Såleis får vi kontinuiteten i historia spekka med Sogn og sogningar. Alt frå nattefrieriet – som var vanlegare i Indre Sogn enn i Ytre Sogn og Sunnfjord – til koppevaksine og potetdyrking.

Her er soga til mann og kvinne frå barsel til daude. Her er soga til godseigarane, dei arbeidande bøndene og strandsitjarane utan eiga jord. Sogene vert illustrerte med museumsbilete av Lars Asle Vold. Museumslektor Anna Jorunn Avdem og museumsdirektør Aage Engesæter har skrive teksten fagleg solid og med god framstillingsevne på godt nynorsk. Dei brukar anekdoter og dikt for å mjuke opp forteljingsmåten.

Boka er todelt. Den fyrste delen startar med ein steinaldermann i Ytre Solund og endar med at unge sogningar dokumenterte tusenårsskiftet. Den andre delen handlar om sjølve museumsbygginga frå Gert Falch Heiberg starta opp for over 100 år sidan, og fram til i dag.

Begge forfattarane og fotografen er alle tre tilsette ved museet. Dette synest å vere både ein styrke og ein veikskap. Hovudbolken i boka – den reine sognehistoria – tener på at bokmakarane kjenner stoffet og museet til botnar.

Men denne ”innsidekjennskapen” er neppe ein fordel for del to som omhandlar den snevre museumshistoria. At forfattarane kjenner museet frå innsida, vil hefte ved dei i denne bolken. Lesaren bør stille ein annan slags spørsmål ved desse framstillingane, og den naudsynte avstanden til stoffet. Dess nærare vi kjem vår tid, dess meir relevant vert det å stille spørsmål ved om forfattarane inntek eit ”sjølvbiografisk” nærsyn. Dette er ikkje eit stort hefte ved boka, men det bør nemnast.

Boka er ei fin bok. Ei fint utforma bok slik forlaget Skald har for vane. Skald har nettopp gitt ut eit lite julesonghefte. Dette heftet skal eg ikkje melde i dag, men eg trur at boka ”Levd liv” vil oppleve julesongane om halvannan månad. Teksten, bileta og bokutforminga utgjer ein heilskap som utgjevarane kan vere stolte av.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *