Aura og Euro!

Flora og Førde er nedlessa med arrangement og kurs i healing, trollskap og alternative messer. Engle-prinsessa slepp fnisande til hjå Skavland med skoddeprat om aura og klar tale om engleboksal. Kor tolerant skal ein vere overfor all denne nymotens kvasireligion? I klartekst; Skal vi overlate svinefluen til healarane og englane, eller skal vi vaksinere oss? Kvifor er media ettergivande og ukritiske mikrofonstativ for desse tåkelagde «aura»-fantastane når dei samstundes syner seg å vere pokker så klartenkte når det gjeld utteljing i «euro»?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Aura og Euro!

  1. Elin Vereide sier:

    Stakkars arme krok.. So bastant.. Du kan umuleg ha det godt…
    Svineinfluensa: I Norge skal alle i risikogruppene vaksinerast, i Tyskland fråråder dei risikogruppene å vaksinere seg…Veldig forskjellig korleis dei forskjellige landa anbefaler innbyggarane sine å forholde seg. Og eg trur no ingen har tenkt å utrydde innbyggarane sine.. ER det forska nok på virkestoffet i vaksina eller ikkje?Vanskeleg du… uff da korleis kan eg vite kva som er rett.. Hmmmm kansje eg må finne ut kva eg synes er best sjøl, og ta et valg eg sjøl er ansvarleg for..Skummelt…
    Healing… skumle greier.. nokon seier det funkar andre seier det er tull… hmmmm må eg sjøl finne ut av det her også? MEN eg er ganske sikker på at når det gjeld berøring so er DET bra… og då spørs det om du skal tru at det skjer ei energioverføring( healing) under den berøringa… eller om du rett og slett berre blir tatt på… hmmmm godt gjer det no uansett… Kan DET være farleg?
    Aura: Kva er no det? Energifelt rundt kroppen? Hmmm det må da være skummelt eller til og med farleg.. skrekk og gru…
    Er der meir mellom himmel og jord enn vi anar? Englar kva er no det? Nei det må no være noko faenskap, iallefall ikkje en kjærlighetsenergi… Skummelt…
    Nei eg holder med tyrkarane som seier at: Du skal ikkje tru på det, men heller ikkje avvise det..Men undersøk, kjenn på magefølelsen og vær åpen.So svaret blir vel uansett at du må finne ut kva som blir rett for deg… Kansje…
    Kor vondt du må ha det som er so sint og redd.. Joda vi har luringar både innen det eine og det andre, men betyr det at ALLE er det?
    Eg kjenner mange flinke og kjekke legar, sjøl om nokre aldri skulle ha vært i det yrket.. Og det samme er det vel innen det alternative også.. Eller?
    Men det skumle med heile greia er vel at du må bestemme sjøl kva du trur, og då har du ingen andre å skylde på enn deg sjøl… Æsj kor skummelt det blei då…

    Media er nok rimeleg ukritiske til det meste, berre dei får lage drama so er no dei fornøgde virkar det som. Har ikkje media skremt folk nok når det gjeld svineinfluensa og alle andre «spennande» saker? Skjønner ikkje journalistane når nok er nok. Det er forskrekkeleg at det er lov å spele so mykje på folk si frykt. Og så snakkar MEDIA om det alternative.. Alle SERIØSE aktørar innen det alternative har fokus på det positive, og å hjelpe folk til å få det bedre, og dei oppfordrer til samarbeid med skulemedisin… Og media kva gjer dei? Relevant informasjon? Eller aldri so lite drama…… hmmm kven er farleg her?

  2. hans jakob sier:

    Takk for svar! Så kan vi semjast om at klemming er framifrå og gratis! Folk må klemme og tvile og tru på kva dei vil for meg. Poenget mitt er at det er forkasteleg at nokre tener seg rike på humbug og kvakksalveri på folk si usikkerheit. Like forkasteleg som at Skavland gir gratisreklame til prinsessa si englebok utan eitt motspørsmål. Eg stolar på utviklinga i lækjarvitskapen.Den har også mange feil, men etter mi meining det beste vi har. Vern om kvakksalvarparagrafen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *