Spagat og filmdraum

Randi Førsund og «Hemnen» er på nytt i vinden. Filmskapar Gaup og fylkesordførar Nils R har sett kvarandre stemne. Optimisme og trampeklapp. Vi høyrer om prislapp på 120 millionar. Kroner!

Eit prosjekt der Randi Førsund har vifta med filmmanuset sitt i 10 år. Eg er delt mellom von og skepsis. Det hadde vore suverent om dette lukkast. Ein filmskapar i fylket som er tøff nok til å tru på det umulige. På hi sida; korleis kan ei som ikkje har produsert ein filmsnutt – så vidt eg veit – kunne greie å samle investorar til draumen sin.

Eitt er det å klappe i hendene. Eitt anna å få andre til å hoste opp 120 millionar norske høgrisikokroner. Eg bøyer meg i støvet – eller rettare sagt – eg går nedi spagaten!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Spagat og filmdraum

  1. Rune E sier:

    Som møringar flest har du hengt deg opp i pengane. Eg merkar meg at du stadig nyttar have til å latterliggjere både prosjektet og Førsund. 12.03.08 skreiv du at ho heller burde gå for eit millionprosjekt, her framstiller du 10 års kamp for eit prosjekt som noko ho stadig har vifta med.

    Du påpeikar at ho ikkje har produsert ein einaste film, men unnlet å nevne at ho har aliert seg med dei flinkaste i bransjen, Nils Gaup og Fredrik Tor Fredrikson.

    Eg saknar at nokon kan komme med ei vinkling av dette prosjektet der ein for ein liten periode let janteloven ligge, og heller ser kva fordeler me kan ha av at eit slikt prosjekt vert realisert. Eg har ikkje som du gått på landbrukshøgskulen, og kan derfor ikkje uttale meg skråsikkert om alt, men eg vil tru at eit slikt prosjekt vil vere kjærkommen reklame for reiselivsnæringa i fylket.

    Eg har sett litt grovt og amatørmessig på kva reiselivsreklame ville koste i t.d. TV 2. Minuttprisen der ligg mellom 500 000 og 750 000, nedfallsfeltet varierer mellom ca 200 000 til 700 000. ein spelefilm er i gjennomsnitt 90 min lang, noko som ville gje ca 30 000 000 kr i reklameverdi for reiselivsnæringa aleine om dette var eit prosjekt for fjernsynet. Dette er i utgangspunktet ikkje ein produksjon for tv, ambisjonsnivået og potensialet for kor mykje pengar dette vil generere tilbake til fylket ligg mykje høgare en eit gjennomsnittleg tv program vil kunne gjere. Skulle filmen bli ein vist til eit større publikum i Europa, vil denne summen kunne mange dobblast. Eit millionprosjekt som du etterlyser, vil sikkert kunne ha kunsnerisk interesse for eit smalt publikum, men det ville truleg ikkje generere tilbake så mykje klingende mynt.

    Mange er lei dei kritiske røystene frå jantekoret, og vil heller vere blant dei som applaudere undervegs,. Det kan ein gjere ved å søke deg i på «hemnen» på facebook.

  2. hans jakob sier:

    Takk for tilsvar. Eg lovar å halde fram med å ause av mitt tvisyn. Det å vere oppteken av pengar og å velje landbrukshøgskuleutdanning ….. og å jobbe med kultur er ein skikkeleg spagat! Å «ha med seg humøret» er ein ting ….. å «gjere til lått» er noko anna. Kan ikkje sjå at eg har vore «urimeleg» humoristisk i omtale av hemnen.
    Optimisme og pågangsmot er uvurderlege eigenskapar. Klapp. Klapp! Men vi må likevel halde opp den sunne skepsisen. «Kritisk røyst» er ikkje nødvendigvis «jante». Ugh. Ugh!
    Utan forøvrig samanlikning så ville «Tall ships» hatt bruk for ei kritisk røyst meir og ein applaus mindre på førehand. Ein vert svimmel når ein skal klatre i høgste mastetoppen, sjølv om det gir stor utsyn. Noko ser ein faktisk betre når ein står stødig på dekk ……

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *