Heliumhjarte – ein ballong som slit med å ta av

Denne kulturbloggen er utgangspunkt for radioprat 19. oktober.

Vil du høyre radiokuttet, så klikk her på heliumhjarte

Heliumhjarte er tittelen. Bjarte Daviknes Klakegg frå Førde gjer bokdebut på Samlaget. Fragmenterte prosatekstar er nesten som poesi. God og korthogd nynorsk. Gode bilde i språket. Flosklane er luka ut. Ein utprøvande stil. Ei underfundig bok med korte kapittel som ber geografiske titlar – alt frå «Romstasjonen» til «Bergen». Om hjarte som slår og hjarte som svevar. Om nærleik og sårheit. Om dauden og det heslige.

Eg synest at boka Heliumhjarte er litt vanskeleg å få tak på. Ein slags livsfilosofi frå ulike fasar i livet, og med skiftande perspektiv. Nokre gonger konkret. Nokre gonger absurd.

Ei ujamn bok på «det jamne», synest eg. Noko er elegant, men andre sekvensar ber preg av eit pliktløp for å vere orginal. Ei bok som ikkje tek heilt av. Men likevel ei bok til å undrast over.

Ein grei debut. I dei beste partia syner forfattaren potensiale. Tildømes når han undrast på kva han kan tenkje seg å gjere for å få høyre bror sin le igjen. Her møtest draumen og det heslige med kjærleiken til broren.

Dei svakaste partia er når hovudpersonen vert ståande «med hjartet i hendene» – også i konkret forstand. Beklagar, men då når ikkje forfattaren meg. Då opplever eg innhaldet som oppkonstruert. Då kjedar eg meg.

Men for all del. Å vere debutant med ein krevjande stil står det respekt av. Det er tøft å kome seg gjennom nålauget på Samlaget. Det beste i boka gjer at eg ventar spent på neste bok frå Bjarte Daviknes Klakegg.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *