Frå Dronninga til Drillo – Får vi sjå dansaren Flo?

Opera Nordfjord veit å porsjonere. Etter å ha bada seg i nytt hus, Dronninga og Carmen. Så slår dei til med fotballopera neste år. Norge – Brasil VM 1998. Tekst Are Kalvø, og tone frå Ytre Zuløen …… eller deromkring. Eg har ikkje sett videoopptak av nasjonalheilagdomen, men hugsar den heite natta i Marseille. Vi song Flo, Flo, Flo! Opera Nordfjord legg lista skyhøgt. Carmen og Dronninga er blåbær, mot Drillo og dansaren Flo. Får vi sjå danseløva i balletten?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *