Heksemiddag på det ujamne

Denne bloggen var grunnlag for radioprat måndags morgon ……. Høyr radiopraten her

”HeXene” Helena Bremer og Reidun Støfring inviterte til interaktivt teater under heksemiddagen på Førde Hotell laurdagskvelden. Interaktivt teater tyder at publikum skal spele aktivt med. Det synte seg at ”interaktiviteten” vart minimal, og knapt nok det. Greit nok, men pass opp for feil forventningar og bruk av ”jåleord”.

Helena (hovudforfattar) og Reidun fortalde ei historie i tre akter. Fyrste akt gjer oss kjende med systra til presten som kjenner seg sett til sides når presten gifter seg. Systra har støtta presten i årevis. Ho legg prestefrua for hat, og spreier vonde rykte. Opningsscenen vert spela som to paralelle monologar. Scenen vert treig og repeterande. Det vart litt ”langhalm” til forretten.

Som hovudrett (andre akt) serverte Helena og Reidun mykje meir fart. Dei tok no rollane som ryktespreiarar. Dette overspela dei på rølpete vis. Underhaldande nok. Dei to glade amatørane spar opp alt dei har av ”guts” og grimasar, skrik og skrål. Som teater er dette lite variert, og andre akt sluttar om lag der den byrjar, utan å drive historia framover. Men publikum fekk løyst låtten når dei herja som verst.

Teatret tok seg kraftig opp under desserten. Er det dette som heiter ”å spare på konfekten”? Fyrste akt var kjedeleg og andre akt var rølpete, og begge desse aktene stod kvart på sitt vis pinn i ro.

I tredje akt derimot, får vi sjå teater med større T. Her legg manuset opp til variasjon og drama, og skodespelarane spelar mot kvarandre med driv. Vi fyl prestefrua i sin angst og trygling om livet. Ho kastar vitet og vert pressa til å tilstå det ho ikkje har gjort. Ho finn deretter roa og tilgir svigerinna før ho stille tek sin dom.

Svigerinna syner hat og kvesser opp anklagene sine. Når ho får tilgjeving, så går det opp for ho kva ho har gjort. Ho angrar seg, men då er det for seint. Prestefrua vert brend i ein knitrande, intens og stille scene utan skrik og skrål. Då kunne du høyre den berømte knappenåla falle på golvet på Førde Hotell. Der dei to fyrste aktene vart litt lettvinte, så vart ”desserten” gripande.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *