Laber bris i Lindetreet

(Denne kulturbloggen er ei teatermelding som la grunnlag for radioprat 3. september)

”Lindetreets løyndom” av irske Conor McPherson har premiere på Sogn og Fjordane Teater. Eg såg generalprøven. Tre unge menn fortel si historie om familieband, kameratskap, utpressing, svik, vold, frodig sex, blyg pubertet og eit ran.

Stykket handlar djupast sett om kva handlingar som kan forsvarast i ein pressa situasjon. Gjeld lova for alle alltid? Kva er naudverje i vidaste tyding?

Stykket vert spela på ei nærast abstrakt scene, der former, lys og fargar skapar eit framifrå scenerom. Godord til Åse Hegrenes for scenografi og kostyme.

Lindetreet er eit ”trekanta” monologteater. Dei tre unge menn er i same romet, men dei fortel sine lange monologar mot publikum utan å spele med eller mot kvarandre med ord på scenen. Mykje av tida står dei pinn i ro, men regien (Rita Abrahamsen) let dei få røre seg slik at stykket også får nokre passasjar som gir variasjon og temposkifte.

Dei tre skodespelarane gjer ein framifrå jobb. Dei leverer tekst på godt nynorsk med ein imponerande flyt, og med høveleg variasjon. Regi og skodespelarar får pluss for ”timing”.

Men. Eg har eit stort men. Og det ”men”-et går som spørsmål til teatersjef Lyngstad. Er dette eit klokt val av stykke? Eg skjønar at forteljinga er spennade lesnad rett frå manus, men det er vanskeleg å få ei slik forteljing levert over scenekanten. Levert som teater!

Innleiingsvis kjeda eg meg altfor lenge, og når det drog seg til mot slutten, så vart eg heller ikkje riven heilt med. Frodig forteljing, javel, ….. og modig val av teaterform, men eg må rett ut seie at eg ikkje ropar etter meir av same sorten.

Stykket skal spelast på opne framsyningar på ein kort turne, men mest vert stykket gjeve bort til vidaregåande skular. Gratis! Eg vert overraska viss ungdomen vil få ei oppleving som vekkjer teaterglede ved dette monologteatret.

Oppsummert: Store pluss for skodespel og scenografi. Minus for val av stykke og val av spelestilen der stykket vert sitjande fast i eit stivt monologteatret – sjølv om regisøren løyser opp med fine rørsler. Fine rørsler som likevel kan framstå regimessig som litt lausrivne ”hopp og sprett”.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *