Fundo "på felgen" – stemning på auksjonen

Auksjon er drama. Auksjon etter ein død. Auksjon etter ein konkurs. Denne stemninga kviler også over auksjonen på Fundo. Tragedie, javel – men også drag av leikande kommedie. For auksjonarius er det fest! Blide karar har ordna dei 700 objekta sirleg på rekker inne i hallen. Ein smilande mann i stråhatt deler ut auksjonslister med personleg nummer. Låtten sit laust. Kostyma er kjeledress. Auksjonsfolka gir inntrykk av å kunne sine tekniske fag. Og humøret skal gi høge prisar og gode prosentar. For auksjonarius og kreditorar!

Det luktar mekanisk verkstad og testosteron. Dette er mennene sin dag. Kjerringar er med mest som ”tause vitne” og barnevakt, slik at karane får studere objekta i fred: Alt frå truckar med lyftehøgder til enklare boremaskinar og vinkelsliparar. Alvorlege og kyndige blikk.

Auksjonarius kryp opp på ein truck med høgtalar som fører sekretæriatet majestetisk rundt i lokalet. Du slepp å lure på kven som er sjefen. Men sjefen er ein romsleg sjef. Ein stakkar kom i skade for å by 15 500 kroner i rimeleg god tru på at han hadde bode berre 1550. Sjefen let nåde gå for rett. Han ristar på hovudet, tenner ein ny røyk og svingar klubba over søyleboremaskinen på nytt. Han slår ein vits, og syner at dette er ein gledesdag. For alle!

Typegalleriet på auksjonen er mangfaldig og ekte. Alle er der:

– han som berre skal preike og drikke kaffi. Berre skal sjå på. Berre skal fylle på lageret sitt med gode historier til Samvirkehjørnet på måndag – kanskje om ein sunnfjording som let seg lure til å kjøpe gamalt sarv – til det doble av det du kan få det for – nytt i butikken.

– og han som gjer lite av seg. Står og ser i golvet, til det kjem eit objekt ingen byd på. I det auksjonarius vil gi opp, lyftar han handa til ein ”hundrings”. Han kjøper same kva – berre det er billeg nok. Ein tuskhandlar av velkjendt merke, som skal ha det nesten for inkje. Let seg aldri dra med om andre byd opp. Rakar til seg botnfallet på slik ein dag – utan minsteprisar.
– ja, og så han som byd høgt og prangande. Han likar å vise fram at han byd, og at han har pengar til å riste av kven som helst. Ein slik showmann kan rykke av alle andre med høge og uventa hopp i bodrekka.
– ein er ute etter minneverdien i kunsten som hang på kontoret, og nokre står ordlause bak alvorleg maske når dei ser på at den gamle arbeidsplassen sin vert seld ut i smått.

– her er stråmenn med mobil og bakspelarar som må syne eit rykk i augnekroken før ein med auksjonsnummer tre meter bortanfor torer å legge på ein ”tusing” til. Kvalitetssikring!

Auksjonarius driv det fram mellom røvarkjøp og rykte. Her står unge bønder med usminka bydeteikn på jakt etter eit billeg sveiseapparat jamsides med proffe oppkjøparar som sender sine bod neste umerkande. Vi kjenner alle suget av spenning når to-tre mann byd raskt og drivande opp. Det vert stille i lokalet og alle fylgjer smilande med. Ein stikk av med objektet og æra, medan han som gav seg kanskje hadde beste forstanden. Her skal du ha tolmod, og her skal du vere konsentrert for å slå til i rette augneblink.

Auksjon er drama og glede, men alltid med ei reim av vemod. Kiosken har kaffi og pølser, kaker og vafler. Skuleungdommmar skal på skuletur, og nyttar sjansen til å fylle på turkassa. For skuletur vert det i Høyanger i år også. Om Fundo går rundt eller om Fundo er på felgen!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *