Reitebloggen deler seg i to

Eg er tilbake frå stortur, og har starta kulturmeldingane på blogg og lokalradio. Bloggen min får frå no ei slags todeling:

Kulturmeldingane vil eg merke, og på bakgrunn av dei vil eg samtale fritt med programleiaren i lokalradioen. Bloggen vert den skriftlege meldinga, medan radiopraten vonaleg får ei meir munnleg form.

Eg vil også blogge om andre tema. Det vert skråblikk om laust og fast. For å syne kva eg meiner så er Gaularspel og Fjosopera døme på kulturmeldingar, der eg også var på radio måndags morgon. Eg vil om nokre minutt legge ut ein blogg om telefonmast i Solund – som døme på den andre biten.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *