Mobilmast i Solund

Vi er snart midt i august, og livet tek si vande form. Eg sit på biblioteket og blar i halvgamle lokalaviser i fylket. Mykje spennande og ein del syt. Då vert eg teken av ei heilside i Firda: «Slik gjer dei det i Solund», blenkjer overskrifta.

Ei historie om 21 personar i Solund som bar ei telefonmast opp på ein knaus på dugnad. For å få mobildekning. Lenge etter dei fleste av oss andre i fylket. Ordføraren hadde skrangla i kommunekassen og lokka det styrtrike Telenor med på dugnad.

Folket bar masta til fjells for å spare Telenor for kostnader til helikopter. Eg sender ei tanke til Oslobygda og ein til Førde by. Hadde vi hatt godt av ein Telenor-dugnad? Eg blir litt sint. Sint på Telenor som loppar ei utkantkommune for pengar og som jagar folk til fjells på dugnad på ei oppgåve som vi andre får servert opp i nevane.

Så kjem ettertanken. Eg slepper avisa ned på knena. Skodar mot Hafstadsendaren som ligg der oppe i skodda. Kjenner varmen bølge gjennom kroppen. Kva haldning og humør er det i 21 sulingar som tek masta i eigne hender – med glede og utan syt. Snakk om utkantoptimisme. Eg går ut i regnet, men kjenner ikkje at eg vert våt. Eg småflirer og lurer på om bossane i Telenor har vet til å verte skamfulle. Tankane snur seg i hovudet. Vesle og fattige Sulund kommune er kanskje likevel den rikaste!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *