Steikte fiskekaker og kokte poteter …. utan bass

I gaar stod eg paa hoegste Sukkertoppen og skoda utover Rio. Og Soer-Atlanteren. Eg kjende vemod over at turen gaar mot slutten. Ein tur rundt jorda som ein berre gjer ein gong i livet.

Men i dag skjedde det. Det som skjer paa alle turar. Alle turar paa seks dagar eller seks maanader. Heimlengten kjem som rimeleg er, men likevel kjem den braatt og uventa. Har knapt merka den foer, men i dag slo den meg heilt ut. Paa bussen fraa Rio til Sao Paulo. Det er snart eit halvt aar sidan vi koeyrde busskolonne i kveldsmoerke og snoestorm over Hemsedal. No lengtar eg heim etter lyse sommarkveldar.

Eg vil heimatt til folk, til Langebrua og det groene Vestlandet. Eg vil kjenne lukta av steikte fiskekaker til smaken av rykande kokte poteter. Og eg vil nyte groen natur og heilt stille stunder utan larm fraa menneske. Heilt stillt utan lyden av trafikk. Utan lyden av eit musikkanlegg. Heilt fritt for dunking av bass!

PS: Foer eg skreiv denne bloggen klikka eg so snarast innom vermeldinga for Vestlandet paa yr.no. Den nettsida har eg ikkje streifa paa eit halvt aar! So daa so! Eg er definitivt paa heimveg no; «Fraa Rio til Sunnfjord»!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *