"Kanelbullar" i sjoemannskirka

Aa reise er aa moete seg sjeolv. Eg moeter barndomen i Rio. Hotell naer strand og hamn. Tenkjer paa sjoefolk og sjoemannsmisjonen. Paa basarar i gutedagane. Ytre sjoemannsmisjon var alltid likast, tykte eg. Der var det ikkje berre lysbilde fraa misjonsmarkene soer i verda. Men film. Fargefilm synt paa surrande filmframvisar. I forsamlingshuset Fredheim i Soerbrandal. Likast var det naar dei synte sjoefolk som las Sunnmoersposten der ute. Daa humra bygdefolket attkjennande, og alle tok eit lynlodd eller to ekstra. Og aaresalet gjek enno friskare. Vaarherre og Sunnmoersposten – ein kraftkombinasjon paa eit forsamlingshus paa Sunnmoerskysten i 60-aara. Eg hugsar fat med paasmurde vaffelkaker lagt sirleg i sirkel – med sylteskaal i midten. Og paasmurde skiver. Eg kjenner smaken av egg og sild.

Far til Karen Helga var sjoemann, og vi vart spekulerande paa om det enno kan finnast restar av ei sjoemannskyrkje i Rio. Paa internett! Og vi finn adresse til sjoemannskyrkja som har slege seg saman med svenskane i Nordisk kyrkje. Og adressa ……. ? He, rett bort i gata. Vi paa foetene. Ti minutt og vi staar ved ei blokk utan skilt. Ei byrsk vakt ser skeptisk paa oss. Vi les opp «kodeorda» fraa internett, og vips saa er vi i heisen til 9. etage. Vi ringer paa. Ut kjem svenskar, og tek godt i mot. Den norske presten er paa ferie i Norge. «Saa det vert ikkje vafler», unnskyldar dei, men byd paa rykande kaffi og svenske «kanelbullar». Her er alter og piano, forsamlingslokale til 100 og utsyn over hamna mot Sukkertoppen. Ei heimsleg og litt gamalmodig stemning. Det luktar misjon og salt hav.

Den pensjonerte svenske sjoemannen fortel om livet til sjoess, om den norske sjoemannskyrkja som laag i Santos, men som no har flytta hit og fusjonert med svenskane. Sjoemenn er sjeldne, og etter «11. september» vart dei enno sjeldnare i kyrkja. Hamnene er hermetisk lukka paa grunn av President Bush si sikkerheitsvurdering (Hjelp oss Obahma!), og ingen kjem i land, eller om bord, beklagar svensken. No er det skadinavar som jobbar i Rio som utgjer meinigheita, og ein og annan tilfeldig streifande turist……

Eg fortel om Ytre Sjoemannsmisjon, basarane, vaflene og filmane som synte oss heimlege lokalaviser. «Men det var foer internett», flirte eg. Svensken sprett opp, og syner meg avisstativet. Eg plukkar ut Sunnmoersposten (Aalesund) og Vestlandsnytt (Fosnavaag). Han stappar dei i sekken min, og eg faar halvgamle aviser som sengelektyre. Eg blar igjennom, og skvett til ved biletet av tre smilande konfirmantar i heimlege Aaram Kyrkje. «Kvar er dei paa veg», tenkjer eg. Konfirmantane paa Sunnmoere i 2009 er neppe paa veg til hyrekontoret og kneipene i Santos. Eller sjoemannskyrkja i Rio!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *