Vinter i Rio

I dag naade eg det siste store maalet paa turen. Endestasjonen – viss det finnst nokon «endestasjon» paa ein tur rundt jorda. Eg stod med foetene i boelgene paa stranda og skoda mot Sukkertoppen. I Rio paa Jonsokkdag. Vinter i Rio tyder 25 grader varmt og fine badetemperaturar.

Vi bussa inn til Rio i dag i «vinterdisen». Eg skodar etter fjelltoppar. Sukkertoppen? Der dukkar det opp ein mellom skoddedottane….? Nei, eg ser ikkje kabelbanen mot toppen ….. Kan det vere…..? Staar der ei TV-mast……? Eg myser. Bussen svingar. Nei, det er sjoelvaste Kristus som lyfter hendene mot oss naar skodda lettar. Vi er framme. I Paradis. I Rio!

Buss-stasjonen byd paa eit h…… kaos, og vi trur vi har booka rett hotell. Taxi opp bakkane. Porten til hotellet vert laast opp og vi vert sleppte inn til suite, basseng og luxus …… og balkong direkte mot Sukkertoppen. Skodda har letta i fysisk forstand, men …… luxushotellet er ein booking-feil «Av Guds Naade» til seksdobbel pris av det vi endar paa til slutt nede i byen……….. «Fire netter» og «ei natt» har blanda seg i den spraaklege skodda.

Men likevel. Den fyrste ettermiddagen i Rio har vi tinga oss kabelbanebilett til toppen. Sukkertoppen. Der skal eg sjaa Kristus-statuen paa fjellet bortanfor rett i augo. Som saa mykje anna turisme saa handlar det om kultur og kommers. Slik ogsaa i Rio. Gud og mammon!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *