Paa Fossestien i Iguazu-falla

Paaskedag for tre aar sidan gjekk eg Fossestien over 2 mil fraa Torsnesstoeylen paa hoegste Gaularfjellet ned til Eldalsosen. I fjor sommar avslutta eg engasjementet mitt paa Turistvegen over Gaularfjellet. Fossestibyggar Ottar Hov spurde meg om kva eg skulle gjere no. Eg svara som sant var: «Det er paa tide aa sjaa andre Turistvegar!»

I dag – Ottar – har eg gaatt Fossestien i Iguazi-falla i Argentina – paa grensa til Brasil og Paraguay. Eg kan melde: Denne Fossestien er monaleg kortare enn din oppi Eldalsdalen. Men regnskogen her er litt groenare og frodigare enn jungelen paa Viksdalen. Fossefalla er monaleg hoegare, og vassmengdene er like store. Eller kanskje vel so da!

Brassane har bygt eit lite kraftverk her, men likevel har ikkje turistfrendane til Tom Farsund gjort framlegg om aa lyssetje fossen. Enno. Vi klyv over fossefalla, og vert ferja over til nes og oeyar til stadig betre utsiktspunkt. Planteliv, fugle- og dyreliv i dette Fosselandet ligg truleg eit hakk eller to over artsrikdomen i Haukedalen. Paa elvebreidda er det ingen Viksdoeler aa sjaa. Berre smaa grupper med indianarar som ser litt skeptisk paa oss turistane.

Her er trapper og stiar. Noko i stein, betong og mur. Noko i strekkmetall. La det vere sagt. Det aller aller meste er stoerre og meir spektakulaert i Iguazu enn langs Gaularvassdraget. Men med eitt soleklart unnatak. Arkitekturen paa bruene her er hjelpelaust kjedeleg. Eg sender ein tanke heimover til arkitekt Arild Waage. Ingenting her nede kan maale seg med brua di i Gaular, Arild. Ingenting kan maale seg med den blenkjande brua over Likholefossen!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *