Paa "Kinnaspel" med Jesuittane!

Laurdagskveld i Sau Miguel, ein liten bygdeby langt inne paa landsbygda i Brasil. Nokre svake lyskastarar syner hovudscena – kyrkjeruinar etter Jesuittane. Tribuna i stein er kald og hard. Eg har nett trakka over teppa med juggel og reiseminne. Dei einaste indianarane eg har sett i Brasil ser ut til aa selje lite. Indianarane i Andes i Peru hadde ei stoltheit eg ikkje kan faa auge paa her.

Vert indianarane berre statistar til si eiga historie, undrast eg ….. i det dei sterke lyskastarane flerrar kveldsmoerket, og hoegtalarane trommar i gang «Kinnaspelet» til Jesuittane. Historisk forteljarteater ved hjelp av lyd og lys i gamle kyrkjeruinar i skogen. Fortalt paa portugisisk. Saa her kjem dei vel med ….. alle opplysningane fraa vandringa i dagslys.

Musikk fraa indianartrommer til kyrkjeorgel. Lyseffektar understrekar jungel, Jesuittkyrkje og krigande kolonistar til hest. Her er indianarar i krig og fred. Indianarar som vert frelste og samla rundt jesuittiske misjonskyrkjer. Her er angrep fraa kolonistar paa jakt etter indianarar til slaveri paa plantasjane naer kysten.

«Kinnaspelet» syner stolt fram at Jesuittar og indianarar bygg ein miksa kultur i omraadet. Dei vert oekonomisk sterke. Dei forsvarar seg i lag, men vert tilslutt nedkjempa. Nokre europearar vel indianarane si side, men maa til slutt gi tapt for kolonistar av europeisk avstamning.

Ei blodig sluttscene. Det bygg seg opp eit imponerande og fargerikt lysshow ……… som gaar i svart! Det vert stille. Vi ser berre Mjoelkevegen som lagar ei stjernebru over den moerke siluetten av Jesuittkyrkja.

PS: Seinare paa kvelden stig maanen opp, og kastar sitt bleike lys over landskapet. Her er minimalt med indianarar og ingen jungel. Berre «europeisk» farmarlandskap. Saa faar dei dele «skuld» og «aere» den som vil. Jesuittar eller ikkje Jesuittar!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *