"Ugh – Ugh" i jungelen?

Eg reiser rundt i verda. Faar nye opplevingar og ny kunnskap. Held det saman med det eg trudde eg visste fraa foer. Ein gong i blant sviv eg innom eit historisk museum. Ikkje noedvendigvis for aa finne sanninga. Men for aa sjaa korleis dei styrande i landet ser paa seg sjoelv. I ettertid. Og notid.

I dag var eg paa historisk museum. Porto Alegre i Brasil. Eg fekk sjaa stolte portugisarar og spanjolar. Eg fekk sjaa dei som frigjorde kolonien fraa Europa. Eg fekk sjaa Jesuittisk misjon mellom ville indianarar. Ja, eg fekk til og med sjaa negrar som frigjorde seg fraa slaveriet.

Og eg fekk sjaa indianarar i jungelen paa steinaldernivaa. For lenge sidan. Men europearane si fordriving av indianarane i jungelen var ikkje tema. Ei ny utstilling vart gjort klart i eit siderom. Eg kika forviten, men det var neppe denne delen av indianarsoga som skulle faa sin plass i lyset. Om eg laerde noko idag ?????? Tja, det ser ut til at det er lettare aa ta oppgjer med det svartaste slaveriet, enn det er aa roere ved historia om indianarar, jord og jungel. Kanskje historia er for ferskt i Brasil. For ferskt til aa hamne paa museum!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *