Kaffiprat i sofakroken

Eg reiser. Halvaaret gaar mot slutten. Kva saknar eg? Ikkje godt aa vite foer eg moeter det. Slik som i gaar kveld. I Karen Helga sitt Japan-kunst-nettverk finnst det ogsaa ein kunstnar i Porto Alegre i Brasil. Vi vart bedd paa kveldsmat. Ho hadde laga vanleg kvardagsmat med mandarinar fraa sitt barndoms smaabruk til dessert. Og kaffi!

Dei to kunstnarane finn kvarandre i vidlyftig fagprat. Ord om kunst og uttrykk som eg knapt foerstaar paa norsk. Paa engelsk er det enno verre. Men kva gjer det? Eg faar sitje med ein framifraa kopp svart og sterk kaffi i ein sofa ein heil kveld. Framfor peisen i ein vanleg heim i Brasil!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

6 kommentarer til Kaffiprat i sofakroken

  1. Bjørg Kvame sier:

    Synd at turen snart er slutt ! Det har vore skikkeleg kjekkt å lese bloggen din !!

  2. hans jakob sier:

    Takk for oppmuntring. Vi kom nett over grensa til Argentina. Skal ogsaa nord i «Fosselandet»… og nokre dagar i Rio. Om to veker tenkjer vi paa heimvegen.

  3. Terje Engvik sier:

    Ikkje så dumt at det er tankar om heimveg i løpet av eit par veker. Kontrasten er nok stor til norsk valkamp, men vi har tenkt at det hadde vore kjekt å få deg som møteleiar på ope møte på Skei 31. august om fornybar energi.

  4. Hans Jakob Reite sier:

    Min energi er fornya, og datoen notert!

    hj

  5. Terje Engvik sier:

    Det er kjekt å konstatere at bloggen fungerer best for «word wide communication». Det var vel ikkje noko elvekraftverk å sjå ved «Hiver».

  6. hans jakob sier:

    Vi skal nord i Fosselandet. Skal kike etter kraftverk!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *