Aa puste med magen

Viktig «aa puste meg magen», seier vi, naar stress skal taklast. Har vore i 4000 meter hoegde i Andes i over ei veke. Vi vart aatvara mot hoegdesjuka. Karen Helga merka ein del. Eg nesten ikkje. I starten.

I Puno vaagar vi oss paa ein «norsk» fjelltur paa eit par hundre bratte hoegdemeter. Vi naadde toppen og koiskteppet til ei stikkande gamal dame. Vi heiv etter pusten og aat sjokolade. Daa kom ein lokal bladfyk joggande opp fraa «Los Andes». Men bleikanleta kom aldri paa trykk …..

Sjoelv om skuffelsen var stor over aa ikkje kome i «Firda», saa var sjoelvtilliten desto stoerre paa at no var hoegdesjuka eit tilbakelagt stadium. Definitivt. Men bussen til Chiway maatte over eit fjellpass paa nesten 5000 meter. Eg vart kvalm og kulsig, smaasjelvande og svimmel. Kort sagt – urven.

Framme paa hotellet ville hotellvertinna syne oss by og restauranttilbod. Eg bad tynt om middagskvil paa forskot. Ein ekkel middagskvil. I halvsomne er det som om automatikken paa pusten har slege seg vrang. Og magen er i ulage. Eg leverer naturgass i strid med folkeskikken, og langt over utsleppskvotane i Kyoto-avtalen.

Vertinna staar i doera til avtala tid. Eg er ikkje i form for restaurant, men stiller opp likevel. Eg kan ikkje vere sutrete. Det er foerste gong paa dei fem maanadene at eg kjenner meg urven. Pytt, pytt! Opp aa staa! Ut aa gaa!

«Middagen er utsett ein time», smiler ho paa sitt sjarmerande engelsk. Ho vil vise oss landsbyen. Karen Helga fekk heldigvis ikkje same troekken som eg. Saa halvt paa engelsk og halvt med spansk-engelskordboka i neven, saa skravlar dei seg gjennom gatene. Eg er taus baktropp. Og pustar med magen…..

Vi landar paa ein restaurant med spel og dans til steikt aure. Eg kjempar med den store porsjonen. Vi vert bodne opp til dans, men eg har nok med aa sitje paa ein stol. Karen Helga er i storform, og med lokal bunadshatt paa hovudet hiv ho seg med i indianardansen. Eg loener spelemenn og dansarar rikeleg …… etter sunnmoerske maal….. Musikken vil ingen ende ta. Nett so paa folkemusikkfestivalen foer i tida. Men heldigvis treng dei lokale ogsaa ein pust i bakken, og vi kan trekke oss skamlaust tilbake til hotellet.

Eg hugsar middagskvilen, og fryktar natta. Men saa gaar det som saa ofte elles i livet – og paa tur. Bekymringar maa du ta paa foerehand, om du skal faa gleda av dei. Eg somnar som ein stein, og vaknar til frukost i det groene. Det er vinter her, men dette var ein god sommarmorgon i fjellet med mine maal. I magen vert det kaffi, nysteikt broed og eggeroere. Og lungene fyller seg heilt av seg sjoelv med frisk luft fraa Andes – utan et eg treng «aa puste med magen»!

PS: Hanna er dottera mi som er paa veg til Bolivia paa «brigade» til hausten. Naar ho hoeyrde at pappaen var paa veg til hoegdeopphald i Andes, saa sende ho kjapt ein e-post med raad mot hoegdesjuke. Kanskje eg ikkje har vore god nok til aa fylgje dei tre bolivianske raada hennar; «et lite, gaa sakte og sov aaleine».

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *