Togtur i toppklasse

Aa vere turist er aa velge mellom alle dei straalande tilboda. Oppleving, tid og pris. Det vart ropa hoegt om ein dyr togtur paa 10 timar fraa Cusco til Puno ved Titicacasjoeen. Vi lot oss overtale under sterk tvil. Hadde vi vore for lettlurte i den tynne fjell-lufta?

Tidleg ombord til levande folkemusikk. Vogner i Agatha Christie stil med lenestolar og spisebord. Inventar og lampar i avstemt stil. Hyggelege og elegante servitoerar serverer frukost og lunsj, kaffi og kaker utan aa overspele. Dempa gitarmusikk i kupeen, og meir troekk i bar-vogna.

Ut av Cusco i morgonsola. Gjennom natur og kulturlandskap. Ingen skog tek utsikta. Haust i Andes. Husdyrhald og innhausting paa gamlemaaten. Handemakt og drakraft fraa oksar. Langt mellom traktorane. Landskap der aakrane og teigane laga sin eigen mosaikk. Landbruk i 4000 meter hoegde. Lokal matproduksjon som gjev ettertanke. Mais, havre, bygg og potet paa aakrane. Sau, geit, lama og alpaka paa store fellesbeite. Fattige men velstelte bygder naer elvar og fjell med snoe paa toppane. Landskapet opnar seg mot Puno. Solnedgang over slettene og Titicacasjoeen.

I Europa og Japan var vi paa togmodus i seks og ei halv veke. Men den uslaaelege togturen opplever vi i Andes!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Togtur i toppklasse

  1. roar werner sier:

    Eg fylgjer dykk med fine turar gjennom Andes…. Helsing frå RW som nyt the Coastel Stemaer nedover Helgelandskysten……

  2. hans jakob sier:

    Hei Roar W. For tre aar sidan «stima» eg ned Helgeland for slakke segl paa «Svanhild» av Floroe. No er vi vel tilbake i Lima og pustar bokstavleg tala lettare. Andes var toppen …. paa mange maatar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *