Machu Picchu og to guidar

Turistfella Machu Picchu tok vi med stil. Kjoepte todagars pakketur med guidar, transport og hotell. Inkabyen i Andes var eitt av dei fem fjella mine paa turen, og den skuffa ikkje. Foerste dag var det Cusco – Inkahovudstaden. Om spansk gullroeveri paa 1500-talet. «Spansk» guide. Lokal og god. La vekt paa at Peru ikkje har rasemotsetnader i dag, slik som Soer-Afrika og USA. Spanjolar og indianarar har for lengst smelta saman til ein kultur og eitt folk. Sa han.

I dag har vi vore i Machu Picchu. Fantastisk historie om den siste Inkabyen. Den einaste spanjolane ikkje fann og fekk roeve. «Indiansk» guide. Fortalte ei anna soge om spanjolane. Roeft om roeveriet. «Nasjonal og gloedande», kan ein seie. Ein god «17. mai tale» … paa 16. mai…… Han var stolt over inkaene sin kunnskap om jorda sin gang rundt sola og anna vitenskap.

To guidar skal fortelje om historie og kjem begge inn paa dagens situasjon. To vinklar. Kven har mest rett. Eg veit ikkje. Men for meg ser det ut som om dei med mest «indiansk» preg jamnt over er laagast paa rangstigen …… Historiske spenningar ligg nok under overflata, og dei oekonomiske skildnadene er store.

Eg sit paa ein internettkafe og spekulerer paa dette i turistfella Machu Picchu ….. i det midnatt vert passert i Norge. Hurra for 17. mai! Ventar paa toget tilbake til Cusco. For meg gaar «toget» den 16. i aar. Eg skal feire 17. mai i hovudstaden. Inkahovudstaden. Gratulerer med dagen!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *