Flyfeber og groent gras

Maandag skulle vi flyttast med fly fraa Havanna paa Cuba til Lima Peru. Via Mexico. Men svinepesten. Eg maila KILROY om hjelp, men dei trykte i mosen. Eg ringde flyselskapet, og dei hadde alt ombooka oss til dagen foer – soendag seinkveld. Moet paa flyplass, og alt vil gaa bra. Sa dei. Vi var ute i god tid. Moette kanselert fly og stengt kontor. Kanskje i morgon. Nytt frammoete og alt kanselert, men no var det folk paa kontoret. Diskusjonar som enda i at vi matte skifte selskap for eigne pengar, og soeke refusjon seinare. Sa dei. Ingen visste noko om kva tid dei kom paa lufta att. Ho som proevde hjelpe oss var kanskje alt utan jobb…….

Nytt selskap hadde plass direkte til Peru. VISA og Sparebanken er god sort. Vi landa i Lima to timar foer Mexicoflyet skulle ha kome. Troeytte etter manglande informasjon og parlamentering til liten nytte. Men vi kom daa fram i rute til den kjoelige kystbyen som lukta salt og fisk. Nesten som Bergen her paa Vestkysten mot Stillehavet. Dyr ransfri drosje og hotell midt i blinken paa alle vis.

Gratis Internett, skrytte hotellverten og peika mot hjoernet i resepsjonen. La meg sjekke mailen, medan han ordnar med passkontrollen, tenkte eg, mest for aa sjekke kva breidde det var paa breibandet. Perunettet er kjapt og to mailar poppa opp naar eg roerte fyrste tasten. Dei eine var fraa KILROY som sa at eg ikkje kunne faa refusjon paa grunn av at eg hadde meldt fraa for seint! Eg som hadde moett opp dagen foer. Slik verkar svinepesten. Den andre mailen var fra burettslaget i gamlelandet. Styret lurte paa kven som hadde ansvaret for aa klippe plenen min i vaar! Godt aa ikkje vere gloymd!

Eg fann ei brei og mjuk seng, og somna med eit smil om munnen. Noko har ein ansvar for. Noko tek ein ansvar for. Cuba er for meg eit tilbakelagt stadium, og for meg er graset groenast i Peru. Groenast for meg …….i alle fall no i mai!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *