Jose fiksa oss inn i private hus

Jose i Santa Klara tok oss inn i den private turismen paa Cuba. Eg spurde om nettverket hans, men han vinka avvisande. Vi trengde fire netter i vest og to-tre i Havanna. Men han hadde ingen kontaktar. Staten organiserer alt. Sa han. Kanskje det var for mange folk rundt. Eg veit ikkje. Men dagen etter stakk han i oss ein lapp med to adresser. Eg har tinga dette, sa han med eit breit smil. Ring dei om de ikkje kjem.

Vi faar reine og billege rom. I Vinales og i gate «Jesus Maria» to kvartal fraa hamna i gamlebyen i Havanna. Frukost og middag paa bestilling! Godt aa sleppe aa springe etter restaurantar. Godt aa faa servert lokal mat direkte fraa smaa Cubanske kjoekken. Han faar det til, Jose – fiksaren med mobilen!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *