Ein av gutta …..

Kjaerast-tur og bryllaupsreise, javel. Men i dag var eg «ein av gutta». Lang biltur utanom allfarveg. Landsbygda. Brei veg med restar av asfalt. Slagholer i oe. Elendig forfatning. Verre enn Gaularfjellet. Langt verre. Lastebilar og traktorar humpar seg fram. Og vi i den vesle japsen. Punktering!!! Skifta hjul, og kom «i land» i ein liten landsby. Daarleg service paa bensinstasjonen. Men saa staar han der. Fiksaren. I alle land staar det alltid ein fiksar. Han ser problemet, og bak den groene bussen er det «verkstad»! Teiknspraak og bittelitt spansk. Og ein pesos. Han spring foere. Viser oss «verkstaden» under presenningen. Der staar ein flink fyr utan ytstyr. Men han kan med dekk. Fem minutt paa gamlemaaten. Hiver hjulet i ei vasstoenne. Potte tett! Eit glis. Eit handtrykk. Fem pesos. (40 kr)

Tilbake i landsbyen vaar. Sveitt. Frisoer paa hjoernet. Ein klipp i guteverda. I Japan klipte eg meg hjaa to damer. Dei maatte ha konsesjon for kvart haar som fall, og dei bukka meg ut etter tre kvarter til ein pris i overkant av Arne Frisoer. Den dette er «oss gutta» paa Cuba. Kompisane hans sit inne i salongen. Han snakkar med alle inne, og ute. Eg vert klipt av «sjefen paa hjoernet». Han spoer om haarlengd ein gong. Eg syner. Han klipper. Fem minutt, ein tommel opp og fem pesos! Godt aa vere ein av gutta!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *