"Solens gang" – strandliv i Caribien

Snaut fire maanader paa tur. Mange byar og mykje «program». Stillehavet miksa klokka. Tre doegn i Mexico City og tre doegn i Havanna. Vi var definitivt klare for sju netter i same seng paa strandhotell; sove, ete, bate, sole oss i sanden og ikkje minst; sitje paa terassen og glane mot havranda. Stemninga er som hjaa Ernest Hemingway i «Solens gang». Vonar eg vil kjede meg mot slutten av veka.

Middagskvil og palmesus. Boelgjebrus og bass. Bass fraa eit musikkanlegg. Stundom to! Dei torer ikkkej aa satse paa fred og stille her, og sus fraa bylgjer og vind. Bassen gaar!

Cuba Badeby er passe varm for meg i april. Samanliknar litt med det uslaaelege Paradis paa Zanzibar. Men Cuba har ogsaa pluss. Dette er eit «svalare syden», og vi slepp gnaalet fraa selgjarar og andre tiggarar paa stranda.

Ei roleg veke slik vi treng det no. Fin rytme. Nesten perfekt. Det ser likevel ut til aa vere vanskeleg for dei aa stille ned bassen, saa eg bed ei stille boen til Vaarherre om han kan skrue opp palmesusen eit hakk eller to …. I dag vart eg boenhoeyrd. Straumen gjekk i fleire timar ……….

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *