Svinepest paa CNN

Turen gaar prikkfritt. Etter fire maanader paa tur i «klimakrisa», har vi vore naer ei skikkeleg Vestlandsk regnbye berre ein gong, og den forstyrra flytrafikken i USA nokre faa timar.

Paa Cuba ser vi CNN(!), og vert oppdaterte paa svinepesten vi smatt unna med eit par dagars margin i Mexico City. CNN melder vekselvis om verdas undergang, og at det er tilstrekkeleg aa vaske hender!

Om to veker skal vi til Peru via Mexico City. Saa derfor. I dag gjekk vi paa nettet for aa sjekke infoen i gamlelandet. KILROY er stille og utenriksdepartementet seier vi maa fylgje med lokalt. Og vere lydige. Jada, Jonas! Firda meldar at Synnoeve Bjoerset brukar munnbind i Mexico City, og NRK S og Fj melder saman med Helse Foerde om at dei har trena paa pandemi. So da!

Vi kjenner oss trygge, og held oss til CNN og Pilatus: Vi vaskar hender!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *