Japanesarar og sunnfjordingar

Det er stor overgang for ein direktetalande Kyst-Sunnmoering aa bu i Indre Sunnfjord. Indirekte seiemaatar og vage antydningar har eg maatta venje meg til. Av og til har det irritert meg. No takkar eg for det. Eg trong vel over 20 aar i Sunnfjord for aa vere klar for fem veker i Japan.

Her er seiemaatane indirekte. Dei kvir seg saa inderleg for aa svare nei. Eg maa tolke om det er japansk spraak, japanar-engelsk, min eigen «Hans-Jakob-engelsk» som spelar meg eit puss, eller om det er den japanske veremaaten. Hoeflege og indirekte. Dei vil ikkje saare deg med eit nei. Dette kan foere deg paa avvegar, men daa er visst ikkje den «japanske effektiviteten» saa viktig …. likevel.

Slik er det aa reise i framande kulturar. Japan er velorganisert og heimekjendt, men akk saa fjernt. Og den indirekte kommunikasjonen har byrja aa gnage litt. Men eg tilgjev dei. For dei er saa indarlege i si omsorg for den framande. Dei kjem stillferdig etter deg, og ser om du har oppfatta rett veg og rett spor. For dei er forsiktige og velmeinande …… og litt stillferdige og seige ……. som Sunnfjordingar …….

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *