Morgonmesse og kyrkjekaffi

A ligge i Paaskefjellet i tempel med buddhistane er som aa vere paa Paaskeleir i ML-roersla. Tidleg opp til morgonsamling. Middagskvil er eit framandord. Sengene vert rulla saman og fjerna foer frukost. Vi ligg paa ei stor flatseng. Rett nok har vi vaart «private rom» bak skyvedoerer av papirgardiner.

Morgonmessa liknar paa Den Norske Kyrkja. Tende lys og kiming i klokker. Einstonig messing og altargong. Munkane syng saa monotont, at eg lengtar til norsk salmesong paa folketonar.

Det er Langfredag, og midt i den einsformige songen deira, kjem eg i hug rettspleia i Joedeland. Tenkjer paa Pilatus som ville frigje fangar i Paaska ーmen der Jesus tapte for «Mobben»: «Krossfest, krossfest!» Pilatus vaska hender. Rettspleia i Japan fekk eg sjaa paa toget hin dagen. Fangar i handjern og tau vart foerde paa vanlege tog og togstasjonar utan kamuflasje. Her er liten kriminalitet, men dei som kjem paa feil side faar roeff behandling. Dette var gapestokk, og japanesarane lyfte ikkje eit augnebryn. Dei «vaskar nok hender» kvar morgon!

Munken slaar i klokka saa eg gloeymer baade Langfredag og gapestokk. No kjem preika. «Presten» er ein framifraa talar. Eg forstaar ikkje eit kvekk. Men her er rytme, variasjon og engasjement. Og japsane likar seg.

Etter ein time sitjande samankroekt paa golvet er eg «av» i ryggen, og lengtar etter harde norske kyrkjebenkar – som til samanlikning er saers behagelege. Eg vert boenhoeyrt, og vi kan reise oss. Frukosten tek eg staa-ande i dag. Ikkje meir lidingssoge for ryggen min langfredag. God mat og groen japansk te. Men baade Den Norske Kyrkja og ML-roersla ville nok bydd paa kaffi ved eit slikt tidleg Paaskemaaltid. Heldigvis er eg ikkje lenger til fjells, enn at eg ruslar ned paa ein kafe i landsbyen. Her let eg buddhistar vere buddhistar, og mediterer over ei kopp svart kaffi!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *