"Ein neger paa Aal stasjon"

Slik syng eit band fraa Hallingdal. I dei «svarte» delane av Soer-Afrika kjende eg meg kritkvit. Men ogsaa Japan er eit «rasereint» samfunn. Somme stadar er vestlege «kvitingar» sjeldan kost. Raud jakke og kvitt skjegg gjer at eg stikk meg ut. Saerleg kvitt skjegg.

Ein liten kafe. Eg vil ha mat. Han vaskar glasrutene ute. Kan fem engelske gloser. Vi vil snakke, men maa gi oss. Ho kokar. God mat til oss. Eg er mett og vil betale. Han er innkomen paa bakromet, og no kjem han med sine faa engelske gloser paa nytt.

Han startar paa nytt emne. Stryk seg over haka, peikar paa det kvite skjegget mitt og ler hoegt. Japsane er hoeflege, men av og til tek ein barnsleg, forviten naivitet overhand. «Kor gamal?», spoer han. Og ler. Eg svarar «53». Han maa fram med fingrar, penn og papir. «53?», maapar han.

Han gir seg over i laatt. Og bukkar djupt mange gongar paa japansk vis, med hendene langs sida. Eg undrast: Ler han fordi han synest eg er rar? Fordi han ikkje trur meg? Fordi eg har ete og betalt og skrytt av den gode maten? Eg vil aldri faa svar paa det. Men eg trur at han ler like godt kvar gong han kan fortelje sambygdingane sine at han har sett ein livs levande «neger paa Aal stasjon»!

PS1: I Japan og i Norge jaktar nokre paa denne tida paa vaaren, medan andre reiser til fjells. Eg har sett Fuji og blomstring, og er paa veg til fjells att. Delt loeysing.

PS2: Eg er 53 aar i dag. Eit ord seier at «naar fanden vert gamal, gaar han i kloster». Eg skal ikkje i kloster, men skeptikaren i meg lurer litt paa om dette er «eit foerste steg». Fordi: Karen Helga har tinga oss tre netter i «paaskefjellet» paa eit buddha-tempel – med meditasjon for ho, og vegetarkost for oss begge! Det vert ikkje skigaaing, saa eg vert neppe sitjande fast i klisteret.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

4 kommentarer til "Ein neger paa Aal stasjon"

  1. Marita sier:

    Fantastisk bra skildring! Ei veldig goe skildring av kossen ein undrast over kossen andre tenker og reagerer over eins eigen kultur og vanar samanlikna med andres kulturar. Storarta reiseskildring, kos deg fenomenalt Hans Jakob og kjærasten! 🙂

  2. hans jakob sier:

    Hei Marita. God Paaske!

  3. Astrid Kalstveit sier:

    Grattis med vel ovestått.Her er alt very well. Pippi får kos av mangegode varme hender og i går var me på Skongenes ved Stad.Herleg med påske der våren spirer og gror. Påskeliljer blømer og bjørka står klar med grøne skot. Kor skal dette ende? Lev vel båe to.
    God påsje!

  4. han jakob sier:

    Gos Paaske tilbake! I gaar var vi paa fjelltur i den groene japanska vaaren i fuglesongen. Stemning som ein varm, sein maidag paa Vestlandet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *