Torsdag 2. april – halvgaatt loep!

Vi reiste 2. januar – for 13 veker sidan. Vi planlegg aa kome til Foerde 2. juli. Torsdag om 13 veker. Eg kjenner paa at det er leeeeeenge sidan vi drog, men er framleis sugen paa fleire fine opplevingar. Variasjonane dei foerste 13 vekene har vore enorme – Aust- og Soereuropa, Afrika i soer og aust – og no Japan. Resten av turen vert mest Latin-Amerika. Men foer vi set nasen vidare austover, skal vi vere to veker til i Japan.

Aa vere paa ei saa varierande og lang reise vert ein tilstand. Pakking av sekk, og «neste framrykking» vert ein vane, men det gir ogsaa uro. Eg trur vi vil trenge stadig lengre «kvileperiodar» paa siste halvdel av turen. Eg trur ogsaa at siste halva vil «gaa fortare». I starten var det endelaust langt fram til juli. No rykker det vanlege livet naermare. Nesten umerkande. Slik er ei reise ein prosess. Eg reiser ut — for aa kome heim. Men foerbels er Foerde og Sogn og Fjordane uendeleg langt unna.

Ei reise over saa lang tid og i saa mange kulturar kan ikkje samanliknast med noko anna reise eg har vore paa. Foer har eg besoekt ein del av verda og reist heim. For fordoeying av inntrykk. No vert fordoeyinga ein prosess som blandar seg med neste dose av inntrykk. Eg samaliknar Japan med Afrika, og Norge og resten av Europa vert merkeleg nok litt paa avstand. Kjekt og krevjande.

PS1: Halve turen saa langt har vore i «togpass modus». Interrailrytme. Denne reisemaaten er rik paa opplevingar, og ein er innom mange byar. Sjeldan meir enn tre netter i same seng. I Latin-Amerika vert det nok ogsaa tog, men dosen med togpass er oppfylt. For denne gong.

PS2: I gaar var det 1. april, og det er som kjendt ingen spoek. Eg brukte dagen i den uendelege ro under Fuji. Eg let turistmaskin vere turistmaskin. Saag mot toppen. Vakna til skodde, og saag korleis fjellet kasta av seg skoddeteppet til frukost. Variasjonane utover dagen, og det regna til lunsj. Kveldssola seig i skoddebanken i vest og Fuji bleikna. I den kjoelige vaarkvelden kasta ein tynn maaneskalk eit skimrande og nesten umerkande lys over over snoeen paa keisarens heilage fjell ……

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Torsdag 2. april – halvgaatt loep!

  1. roar werner vangsnes sier:

    Kjekt å få med seg den ferske brudgommen sine betraktningar halvveges.
    Vi er halvveges i øvingsveka Hans Jakob og i morgon flytter vi oss inn frå faltt golv i ungdomsskulen til vår nye spelehall Saften, og det vert ein forrykande revy med stor spenning……………..

    kos deg på turen vidare.

    RW

  2. hanna sier:

    i latin amerika må du kjøre buss! buena suerte!

  3. hans jakob sier:

    Hei Hanna og Roar W!
    Hanna* Buss vert fort leigebil…..
    Roar* Tenkte paaa deg i natt - lokal tid. No er de paa Saften.
    Sjekk litt i Revyboka – kva eg skreiv om det i 2005! Ikkje 2006 som Mannskorsida seier. DEt er fire aar sidan sidan eg var ringside palmehelga. Bryt alt som ikkje er brote. Hels Gjengen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *