"Marie paa Misjonskafeen"

Same kvar du kjem i verda, saa kan du treffe «Marie paa Misjonskafeen». Vi hadde gaatt oss lunsjtroeytte. Rusla utan maal og meining. Berre stana og glana. Braatt kjenner eg svolten, og snur attende til kafestroket. Ser ein turistbutikk, med kafe i andre hoegd. Nett so hjaa Hallvard Viken paa Skei, tenkte eg. Rett nok brukar ikkje Viken ropert inne for aa halde styr paa turistgruppene, men det gjer dei her. Men gjennom butikken maa vi, for aa kome til kafetrappa. Nett som paa Skei!

Oppe i kafeen vert vi moett med tome respatexbord. Ei turistgruppe har nettopp metta seg, ser det ut til. Folkelaust bak skranken, og vi er paa veg aa gaa.

Daa staar ho der. Smilande. Ei dame i sin beste alder, kva no det maatte vere i Japan. Syner oss bord utan meny. Ho ser at vi er forvilla, og treng mat. Snakkar berre japansk. Energisk. Vi er skeptiske, og Karen Helga er tvilande til vegetarfaktoren i kafeen. Men dama faar sett oss, og gitt oss vatn. Ein japansk meny kjem paa bordet. Ho smiler stolt, mest som naar ei norsk misjonskone paa misjonskafeen har kokt raspaball.

Karen Helga leitar i veska etter «parloeren», men den ligg att paa hotellet. Karen Helga «kvinnar» seg opp til aa ta Japansk-kurset i bruk paa direkten. Og eg faar kaffi og ho faar te, og begge faar vi «haataa» – japansk betasupe utan kjoet, med pasta og kokte groennsaker. Og likast av alt. Vi vert servert med kokande smaa gryter paa bordet. Med brennande parafinvoks under gryta. Naar parafinen er oppbrend, er maten ferdig. Ver saa god!

Og vi vert mette og glade. Men gladast er ho som fekk gi dei framande lokal betasuppe. Ho er ei av desse damene som lever for jobben. Stoltheita hennar lyste. Takk Gud for at du finn dei over heile kloden – uavhengig av religion. Eg har moett den japanske utgaava. Den japanske utgaava av «Marie paa Misjonskaffen»!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *