Ved foten av Fuji

Eg er ved reisa sitt tredje store maal. Eg jaktar paa fjell. Pompei under Vesus ved Napoli. Table Montain i Cape Town. No er det keisaren sitt heilage fjell i Japan som staar for tur. Fuji! Mektig. Keisaren saag det det fraa parken sin i Tokyo – foer skyskraparane stengde utsikta. Vulkan med snoe paa. Her budde nok fresande naturgudar ein kunne lite paa. Og frykte. Snoe og eld er sterke element. Ogsaa i Samurai-landet. Den gamle trua var sterk, og vestlege misjonaerar maatte ofte boete med livet. Budda kom lettare til, og har no blanda seg godt inn.

Budda. Saman med Mammon. For naar ein ser paa turistmaskinen rundt Fuji, saa ser eg klart at ein miksar «boers og kathedral». Ogsaa i Japan. Det er «Tomas-toget» som fraktar oss til fjells. Ein enorm park med Pariser-hjul og rutsjebaner ligg ved foten av fjell. Bort i hogget her gaar det gondolbane til eit utsiktspunkt.

Kommersen ved den gamle heilagdomen faar meg til aa spoerje om det er «Keisarens nye klaer» eg ser. Eller kanskje er det dei gamle? Alt handlar no om Gud, Makt og Mammon. Saa kor gamle keisarkleda er – kan det ytrast tvil om. Det einaste sikre er at det mekige Fuji har vinterkaapa paa.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *