Du skal faa "i yen"

Gamal vits. Den om japanaren som skulle veksle, men ikkje kunne gi «i yen». Likevel: Det aa betale reint konkret paa japansk er ein studie verdt. I Norge kastar vi pengane voerdlaust paa disken, og i Tanzania saag eg at pengane foelgde handtrykka umerkande – baade ved handel og politikontrollar. I Japan der pruting og «tips» er ukjende omgrep, gaar det annleis foere seg.

Glatte setlar vert lagt med begge hender paa eit fat. Helst av soelv, men plastikkfat med ruglete gummimatte i botnen gaar ogsaa. Alle setlar er synlege. Myntane like eins. Alt kan teljast med hendene paa ryggen. Saa kjem vekslepengane attenda paa same viset. Alltid med begge hender. Og det vert bukka saa mange gongar som du har tolmod til aa vente paa. Respekt for handelen. Respekt for kjoepar og seljar. Kort sagt: Respekt for pengar.

Japanarane likar kontantar betre enn kort. Kontantane har sine faste rituale. Og du skal ogsaa faa vite kor mykje du har brukt til ei kvar tid. Paa restaurant kjem dei med oppdaterte handskrivne «oversikter» etterkvart som du et. Du skal korkje verte overraska eller forlegen. Her skal sjoelv dessertgenerasjonen kunne foelgje med paa om dei har raad til dyr dessert…….

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *