Gleda med aa fise!

Ein blogg om utfordringar ….. og mat. Og promp! Vi er paa veg til Japan. Der skal vi takle tidsskilnad og overhoeflege japanesarar. Paa interralen i Europa maatte vi takle nedfrosne togstasjonar i aust og lommetjuvar i soer. I Soer Afrika var det svarte skuggar fraa apatheid og kriminalstatistikk. I Tanzania har magen og maten vore ein ekstra dagsorden.

«Et ikkje utanfor 5-stjerners hotell» hyler reiseboekene. «Dypp frukostbroedet i heit kaffi» og «roer aldri ein salat under open himmel», seier andre.

Eg et framifraa mat paa gode restaurantar i Zanzibar-byen. Billeg og framifraa godt. Smaken fraa det indiske hav paa kysten av Afrika. (Europearar har bidrege mest med fort og kanonar her nede). Eg et den klart beste maten paa turen – avstemt krydra og elegant servert.

Men eg er vestlending, og veit at alt godt skal det betalast for. Alt godt er syndig. Eg skryt over den gode maten, men med veatlandsk skepsis tenkjer eg mitt. Eg har frykt for at den gode maten ogsaa kan bere med seg «utblaasande og vaate soervestlege vindar»!

Men matgleda vinn!. Eg vaknar kvar morgon. Kjenner etter og slepp den foerste litt forsiktige morgonfisen. Hurra! Dagen kan byrje. For kva er den stoerste gleda paa den romantiske stranda i Zandzibar? Jau, det er aa vakne og kjenne lukka ved aa fise. Lukka ved aa fise ….. fise toert!!!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *