Valgets "kval" er kanskje ein delfin ?????

AA reise er aa velge. Vala staar i koe: Planlagd booking eller blaatur? Luxus eller «budsjett»? Folkeliv eller turistfelle? Informantane er trulause og samvetsfulle …. om kvarandre. Enorm variasjon.

Zanzibar utan booking. Vi ramlar troeytte inn paa eit B-hotell med braakande kjoeleanlegg og sand paa golvet ……der vi startar med aa vaske …. vaske do. Etter tre netter paa B-hotell tek vi «dei tre siste» paa strandhotellet med utsikt fraa romet – til hav, strand og solnedgang. Vi unner oss det – til dobbel pris. Variasjon i standard. Ei veke paa Zanzibar. Oeya under ekvator med sol i zenit.

Men det er i bakgata i den vesle byen vi ser smaaungane jage inn hoensa til kvelds. Her er den lokale bilverkstaden hjaa naboen i sving foer vi et frukost. Her hoeyrer vi boeneropa fraa moskeen. Her gaar vi paa stranda om kvelden og ser «the locals» bade og grille. Her ser vi dei lokale fiskarane kome inn med fangst. Her finn vi hotellverten med det breiaste smilet paa to maanader, sjoelv om taket hans er reparert med bylgjeblekk. Her ser vi det venlege og smilande samspelet ellom fargerike masayar og andre fra det afrikanske fastlandet, inderar, araberar og europearar.

Slik er turistlivet. Bakgatene i byen gir mest opplevingar, men turisthotellet paa stranda har eit kjoeleanlegg som ikkje braakar.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Valgets "kval" er kanskje ein delfin ?????

  1. Roar Werner Vangsnes sier:

    Eg føljer deg på din veg på kryss og tvers med skårblikka rundt om i verda. Kos deg vidare, og som forfattar av «koret du berre må sjå» – så er det varme helsingar frå gutta i koret langs sognefjorden der badetemperaturen held + 3,7 grader no om dagen. Heitare i det indiske hav. Manuset til nr 50 er klart.
    Kos deg vidare på turen. Ser fram til fleire skråblikk

  2. hans jakob sier:

    Hei!
    Ligg under PALMANE paa Zandzibar. Sol i zenit. Sogn og Fjordane er laaaang borte. Proever ein blogg att i morgon. Hels 50/aaringane uansett alder.

    hj

    PS< Dett er skreve i oerska uten briller og gangsyn. Kanskje eg er litt skarpare i morgon …..

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *