Pass deg i "bakromet" – Drillo!

Les at Drillos Har kome seg til Johannesburg. Ikkje til VM foerebels, men paa kamptrening i mars. Vi fann hotell naer jernbanestasjonen og det nye regjeringsbygget i Soer Afrika. Reklamen for fotball-VM heng i stort banner paa veggen paa regjeringskvartalet. Og hornmusikken spelar naar vaktene har vaktskifte om morgonen. Tidleg opp. Her er det 17. maistemning og fotballstemning – saa det held.

Drillo snakka i si tid om «bakromet», og der var vi i gaar. Bakromet bak jernbanestasjonen. Ja, vi fann det flotte kunstgalleriet vi leita etter. Kamphistorie i kunsten. Men i gatene i «bakromet» var det «ruske». Vi sette paa oss stive smil, og kom oss tilbake til hotellet. Pju…. Der var det trangt paa mange maatar!

Raad til Drillo: Slepp lite folk inn i bakromet. Slaa langpassningar, og spring for livet. Flo-pasning! I avisene skriv dei om norsk fotballblod, og Mandela kjem nok til aa sjaa kampen for aa stoette ANC foer valet. Trur eg. Saa Drillo: Send inn nokre faa. Og dei maa vere raske ……

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Pass deg i "bakromet" – Drillo!

  1. Bjarte Erdal sier:

    Du verden – rusla de kring i «bakrommet» bak jarnbanestasjonen i Johannesburg? Fordomsfritt (og modig) gjort.
    Men fin tur har de ser eg.

  2. hans jakob reite sier:

    Rusla er neppe ordet! Men vi soekjer opplevingar utan aa vere for dristige.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *