Golf, vin og ville dyr

Koeyrer «Garden Rute» langs kysten av Soer-Afrika. Turistveg – som over Gaularfjellet. Gaularfjellet har naturen. Her i GR er det proppa med aktivitetar. Til du vassar langt over stoevlane.

Golf paa groene flater staar i kontrast til toert beiteland for sau og storfe. Graset er groenast paa den sida av gjerdet som har stoerst kjoepekraft og best vatningsanlegg.

Vinrankane fortel ogsaa om kvar ressursane ligg. Her kan du smake og lepje i deg vin til du ikkje lengre treff golfballen.

Leigebilen min trillar forbi baade golf og vin, og inn i eit reservat for ville dyr. Eg vil sjaa paa Egner sine «dyr i Afrika» og det er ingen «Kardemomme by». Spist er spist. Reservata her er grunnlagde paa gamalt beiteland, og det er groenast innanfor gjerdet. Luksusturar har kjoepekraft!

Eg meskar meg mellom elefantflokkar i ope lende, og sjalu loever som kjempar om kjoenn og kjoet. Men loeva utfordrar ikkje eit einsleg nasehorn med kalv. Eit sinna nasehorn betyr dauden for den som angrip. So daa er det ikkje hjelp i aa vere «konge». For loeva heller.

Heime ved bassengkanten undrast eg paa kva som er det raraste dyret i Afrika. Finn ikkje heilt svaret paa det, men eg veit kva for art som krev mest matjord og oeyder mest areal. Det er vi turistane som lepjar vin, slaar golf og jaktar ville dyr med kamera fraa jeep: HOMO LUXUS-TURISTUS SAPIENS!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Golf, vin og ville dyr

  1. Tilbaketråkk: Golf, vin og ville dyr » Reitebloggen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *