"Mat paa bordet" i Township

Han var PAC-leiar. Andy. No guide med eige firma. Paa vitjing i Township. Politisk fridom er halva, seier han, den oekonomiske fridomen er langt borte for mange farga og svarte i Township. Stemmerett gir ikkje «mat paa bordet».

Han syner oss Township sin foerste og andre klasse. Paa foerste klasse bur inderear og farga blandingsrasar. Her er husa i mur, og dei har draumar om aa bygge paa – i hoegda. Folk har jobb, og naboskapen fungerer som sosialt nettverk. Smil aa sjaa. Mange smil. Haap!

Paa laagaste trinnet er dei svarte i Township. Bur i skur. Aatte personar paa to smaa rom, fortel ei kvinne, og syner oss inn. Ingen arbeid. Guiden har med eitt broed….. Vi kan stille speorsmaal. Ta bilete. Vanskeleg.

Her er reint vatn til alle. Straum til alle som kan betale. Krim og narkotika. Vonloeyse! Desse faar aldri del i den statlege bustadbygginga. Daa maa ein arbeidgivar garantere for laanet.

Lyspunkt finn ein alltid. Paret som driv barnehage for dei foreldrelause! Streng disiplin og mykje omsorg. Vi maa laere dei kodane for aa kunne gaa paa skule, seier sjefen, elles er dei sjanselause! – Dei fattigaste av dei fattige, seier Andy!

Etter ein tur paa over tre timar er vi tome i hovudet og svoltne i magen. Restaurant i «Sjoe-gata». Mat paa bordet – til oss. I eit skur i det svartaste Township, har aatte personar eit broed aa dele paa i kveld. «Mat paa bordet» sa den tidlegare PAC-aktivisten – med eige firma.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *