Svart drosje-mafia

Soer-Afrika har mange konkliktar. Langtfraa alt er svart – kvitt. Svarte maxi-taxiar set seg kraftig opp mot styresmaktene som vil setje opp mange bussar til «Townshipa» (plankeskura) rundt Cape Town slik at folket der kjem seg raskare, billegare og meir miljoevenleg paa jobb.

Maxi-gjengen streikar og angrip bussar og pirat-drosjer. Her skyt dei med skarpt om det knip. Og set bilar i brann. Avisene skriv om dei feige i ANC som ikkje torer aa gripe inn politisk, men vi ser politi i store mengder langs innfartsvegane. Townshipa ligg ofte klin i motorvegane. Dei manglar ikkje stoff i valkampen, og i kveld skal vi sjaa val-debatt. Ingen soendagsskule paa soendagskvelden her.

Korleis skaffe seg informasjon som turist. Kva er «normalt»? Vi les aviser. Vi koeyrer leigebil, og kan observere med sjoelvsyn. I gaar skulle vi booke oss «guida tur» inn i Townships. Men NEI! For farleg i dag. AVLYST! Proev etter helga! Vi skal proeva att tysdag. Om turen gaar. Og om vi toerer! Men vi tek neppe «svart» maxi-taxi!

PS:
Eg lurer litt paa taxi og fotball-VM her nede. Stadion i byen er under bygging, og avisene er fulle av stoff. Ein overstroeymande kelner kunne fortelje at «DRILLOS!!!!» hadde slaatt Tyskland paa trening. Mirakeldoktor Drillo tilbake! Drillo eller ikkje Drillo til fotball-VM er eit norsk spoersmaal. Eit stoerre spoersmaal er om dei vert noegde med kampen om drosjene her nede: Fiffen og FIFA.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Svart drosje-mafia

  1. Sverre sier:

    Eg er utruleg glad for at eg ikkje er informasjonsansvarleg i Fotballforbundet. Korleis skal ein formulere rådet til fotballturistane i 2010 om at ein ikkje skal ta drosje i Johannesburg, utan å risikere å verte kalla for rasist? Lokale kvite tør ikkje å ta drosje i Jo’burg på grunn av all kriminaliteten. Dei bruker eigen bil. Eg skal nedover til neste år, men kjem til å leige bil hos AVIS.

  2. hans jakob sier:

    Mange motsetningar her. Boar-krigen var kvit for hundre aar sidan. Aa koeyre i «homelands» – der dei svarte utan pass vart forviste til – er ei blanda oppleving. Men vi kjempar paa. I knallraud leigebil!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *