Isolatet paa Robben Island

Skarvane tok i mot. Ein molo smekkfull av svart skarv. Varsla utpost. Skarvane paa Utroest kjem meg i hug. Robben Island. Oeya for dei utstoette. Heilt fra dei spedalske.

Skulle sjaa cella til Nelson Mandela. Eit fengsels-system tufta paa aa herske ved aa setje alle opp mot alle. Mandela brukte sitt enorme leiar-talent til aa foreine folk med ulik bakgrunn her. Her pa Robben Island.

Tidlegare fangar syner rundt, og dei har laert av sin laeremeister. Dei hyllar ogsaa andre som sat i andre fengsel under tortur for politisk arbeid. Dei kvite. Kvinnene. Kvinnene tok nok den hardaste straffa. Ei tung soge. Men folket her fortel den med humor. Den humoren dei trong for aa overleve.

Eg kom for a sjaa cella til Mandela. Som venta – med matte paa golvet, teppe og do-boette. Men som det ofte er. Det uventa inntrykket sit ofte hardast i. Det er ikkje cella til Nelson, men hytta til Robert.

Mannen heitte Robert Sobukwe. Han starta PAC. Den radikale veslebroren til ANC. Han leia kampen mot aparteid under parolen «brenn passa». Han brende sitt, og gjekk den lange marsen til politiet for aa la seg arrestere. Ein farleg mann for aparteid-styret. Han fekk eiga «hytte» paa Robin Island. Isolat. Totalt isolert. Dobbel doegnvakt. Det skulle sikrast at han aldri involverte seg med vaktarane. Dei passa mannen. Og dei passa paa kvarandre.

Visst hadde dei det ilt, Nelson og gutta. Men dei fekk menneskeleg kontakt og dei kunne bruke tida til politisk arbeid. Dei skapte nettverk. Nyttig nettverk.

Men ein mann var for farleg til aa faa vere paa einecelle i same bygg som dei andre. Det var Robert Sobukwe som fekk einehytte langt fraa folk. Det totale isolat er ikkje til aa halde ut. Robert var totalt isolert i seks aar paa sytti-talet.

Han saag Table Montain som er fjellet bak heimbyen Cape Town fraa hytta si. Kanskje gjorde denne spenninga mellom «naerleik» og isolat straffa ekstra vanskeleg aa halde ut. Han fekk nok ogsaa nokre korte glimt av dei svarte skarvane som gjorde det han berre kunne droeyme om; – – – – ta til vengene ……

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Isolatet paa Robben Island

  1. Tilbaketråkk: Isolatet paa Robben Island | Isteri Puas 18SX Only

  2. Ellen Indrebø sier:

    Får gåsehud av skildringa. Denne milepela i kampen for rettferd.
    – og så kan eg bekrefte at Drillo er tilbake på bana som landslagstrenar, og krona med siger mot tyskland i fyrste kamp!
    – og Fundo er konkurs
    – og Eras steng av SFT (midlertidig)
    – og første gaupa skutt i sogn og fj på 50 år
    … ha framleis fin tur, og skriv meir 🙂

  3. hans jakob sier:

    takk for oppdatering. vi lever litt i eiga verd her …..

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *