Kvite heltar paa Kapp Gode Haap

Aa vere i Soer-Afrika er aa faa historie-timar i retur. I mine skuledagar var Vasco da Gama ein av dei store oppdagarar. Han fann Kapp Gode Haap og sjoevegen til India. Naar ein les historieboka her – fraa afrikansk staastad – saa er dette berre ein parantes.

For det foerste var det Bartelomeus Dias som dreiv forbi Kapp – som foerste portugisar – og det utan aa sjaa Kapp. Naar han tusla seg heim, kalla han Kapp for Storm-kapp! Dette likte den potugisiske kongen daarleg, og Bartelomeus vart degradert til kartlesar. Kongen sette den djerve Vasco da Gama paa som oppkjeftig sjef paa neste ekspedisjon. Han hadde «medie-profil», men var ingen god sjoemann. Vasco doeypte om Kapp til Kapp Gode Haap, og hogg seg fram austover. I Aust-Afrika fekk han ein araber til aa syne seg India, men det sa sogeboka mi lite om. Vasco da Gama tok all aere. Som ein skikkeleg oppdagar skal gjere. Alle skipa som gjekk paa land er ogsaa lite aa skrive heim om. Bartelomeus dauda her ved Kapp. Vasco var ekspert paa media, og fekk stoerste overskrifter i europeiske sogeboeker.

I gaar var eg paa Kapp. Paa fyret. Mektig hav. Storm ved Stad. Ein sommardag. Eg hadde forventa ein viss Vasco-faktor paa Kapp. Men nei. Her var det fokus paa ville dyr og Zulu-kongar —- og nokre halv-ville apekattar i vegen. Eg traala hyllene og paa bakarste kiosk-hylle fann eg ei side om Vasco og Bartelomeus. Langt fraa «Godvon-odden» – som det heitte i mi nynorske sogebok – var det to pingle-stoetter til minne om dei to modige sjoefolka.

Kvite heltar slit med aa verte hugsa her i Kapp-landet. Men «Floey-bannen» som gaar til toppen av fyret paa Kapp ber namnet «Den flygande hollendar». Det er daa noko, sjoelv om «the flying Dutchman» gjekk paa land her ned i brota – mellom steile klipper, sanddyner og flygande skarv. Kvit mann rundt Kapp. Symbolet som staar att fortel om … eit forlis …….

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *