Table Montain, ANC og "kvitt bord"

I gaar fresa vi rundt i Cape Town. Eg skulle sjaa mitt andre fjell og dermed mitt andre hovudmaal paa turen. (Vesuv og Pompei i Napoli var nummer ein. Det hugsar eg som om det var i fjor.)

Fjellet i Cape Town. Table Montain flatt som eit bord. Flankert av «loeva» og «fanden» paa kvar si side. Skodda letta og vi kom oss til og med opp med kabelbana. Skipa paa hamna, Robin Island, havet og lokal, god, billeg middag paa toppen. Eit fjell er eit fjell. Natur er natur. Men i Soer-Afrika er det ikkje saa enkelt. Alt er politikk.

Det er valkamp her no. Saag engelsk-spraakleg TV-valkamp ein kveld. ANC faar bank. Fraa andre parti («Sponheim, Erna og FrP-Jensen» – for aa proeve meg paa ein roeff paralell). Publikum «bua» ogsaa mot ANC, og innlegg fraa «farga» i salen tok parti med «kvite» i panelet. Arbeidsloeysa er skyhoeg, og ANC ser ut til aa faa «pepar» fraa alle kantar. Dei ser ut til aa vere paa helane, og opptrer med arroganse.

Eg staar paa Table Montain, og ser utover byen som ogsaa har sine store slum-omraade. Eg tenkjer paa «bordet» som symbol. Her har ikkje alle vorte «bedd til bordet» i dette rike landet. Landet med gull og diamantar………… Og framtida. Med eller utan ANC i spiss. Lang veg.

Her er alt politkk no. Karen Helga legg loeypa inn om fire kunst-galleri paa veg mot toppen. Kunsten er politisk. Her er lite rom for «sjoelvnyting» i kunsten. Eg fann eit bilete som synte Cape Town og de tre fjella bak. «Loeva» og «Fanden» paa flankane var stillisert og moerke. Bak byen laag «Table Montain» i kvitt lys. Eg gaar naerare, og tittelen er som han maa vere: «Kvitt bord»!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

4 kommentarer til Table Montain, ANC og "kvitt bord"

  1. Ellen Indrebø sier:

    Kjempebra reiseskildring!

  2. hans jakob sier:

    Takk! Soendagsmorgon her, og litt nett foer stranda …

  3. Bjarte Erdal sier:

    Jau. Det er vakkert i Cape – og kontrastfyllt. Når skal du smake på den gode vinen? Men kvar dreg du vidare i dette mangfaldige landet som heiter Sør-Afrika? Til KwaZulu-Natal? Der er far etter søgndølen Hans Schrøder i Eshowe og Untumjambili. Dei er ikkje vanskelege å finne. Og i Marburg/Port Shepstone er der ei kyrkje m/ norsk bygdemuseum – og eit levande lite miljø med etterkomarar etter emigrantar som kom dit frå Sunnmøre for 125 år sidan.

  4. hans jakob sier:

    Takk for tips. I dag er eg innom «mat» i ny blogg. Vinen faar vente.
    Tanzania neste!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *