Badetemperatur i Afrika

Les paa nett om vinter i Noreg. Naar ein er der trur ein at alt er varmt i Afrika. Nei. Ikkje alt. Eg har bada i dag. Paa ei lita idyllsk sandstrand soer ved havet. Der Atlanteren moeter det Indiske hav. Sjoelv smaaungane hadde vit til aa halde seg paa land. Det er eit daarleg teikn. Eg stivna til naar vatnet naadde laara. Her var det ein ting aa gjere. Autopilot. Vass til magen. Dukk heilt under. Og spring paa land. Gjort!

Men paa land er det det heitt. Varm sand. Vert fort varm att. Kjenner at svoren svir. Faktor paa vinterbleike skuldrar. Eg har bada paa stranda som er nest til Ishavet i soer. Det kortaste bad nokon sinne.

Det er laurdagskveld. Vi har langhelg i ro. Samlar mot til aa koeyre inn til Cape Town over helga. Heksegryte. Johannesburg vert verre. Sa daa so! Kalde bad gir klaare hovud.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *