Duer og klokkespel

Kva er ein by? Kva maa til for aa kalle seg ein skikkeleg by? Eg har snart reist fire interrailturar, og er no i Barcelona. Interrail er byane si ferieform. Du glid gjennom landskap og bygder. Men stoppar i byar. Store og smaa. Toga stoppar berre der.

Ein by kan lukte fisk eller frukt. Soeppel eller sand. Ein by kan ligge ved hav eller elv. Eller berre i eit vegkryss eller paa ei landegrense. Ein by kan vere tufta paa industri, handel eller berre vere eit viktig knutepunkt.

Men to ting maa ein by ha, for aa vere ein skikkeleg by. Duer og klokkespel. Uten duer og klokkespel er det ikkje by. Alle europeiske byar har duer og klokkespel. Bylydane er vingeslag og klokkeklang. Og kurring. Mellom husa. I byane luktar det duer. Kanskje ikkje saa god lukt, men det luktar i alle fall by – paa godt og vondt. Klokkene held orden paa dag og natt, ogsaa for natteramnane. Ogsaa for dei der ro-signal og vekkjing gaar i eitt….. Har Fjordafylket ein stad med duer og klokkespel, undrast eg – i Barcelona. Vi ringer berre til hoegmesse i Foerde? I Floroe er det visst berre maasar? Eller?

Eit klokkespel kan alle skaffe seg for pengar. Men korleis faar byfolket duene til aa trivast?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Duer og klokkespel

  1. Johan sier:

    Berre eg som les kva du skriv, Reite?

    Ingen som gidd kommentere sjølvaste Reite sin blogg?

  2. Ellen Indrebø sier:

    åjau då, her er vi fleire som les 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *