Napoli …. hundar, soeppel og bilar

Fraa vi kjem paa stasjonen moeter dei feite og dovne hundane oss. Dei ligg paa perrongar og fortau. Tiggar aldri. Aldri i band. Ser ut til aa ha eit godt liv. Har dei eigarar som forar dei godt eller er laushundane i Napoli paa linje med dei heilage kyr i India? Veit ikkje. Gneldrebikkje er visst eit framandord her.

Soeppel. Fraa toget senkar farten ser vi firdelt kildesortering paa perrongen. Miljoe i hoegsetet i Napoli. Men nei. I skarp kontrast flyt soeplet i heile byen. Folk gir faen. Slepp alt fraa seg og rotar og styrer. Men myndigheitene koeyrer kampanje om firdelt sortering. Trur dei lokale her vil ha nok med aa laere seg ein boks. Ser slik ut.

Smaabilar i fart er ein ting. Parkering i gatene er noko langt meir interessant. Dei foerste langs kanten av gatestein vert inneparkerte av ei rekke nummer to. Ingen kjefting for det. Hm. Merkelege ting, ser eg. Proever aa sjaa systemet deira. Finn ikkje ut av det. Vel, vel. Meir aa laere. Glad eg har togbillett.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *