Vegval i Budapest

Livet er som interrail. Du har faatt billett. Den gaar ut paa dato. Du har dine maal. Jernbanespora og togtidene ligg der fast. Noko kan verte forsenka. Paa foerste delen har du nok tid. Ein dag fraa og til spelar liten rolle. Saa kom Budapest. Skal vi ta den lange turen gjennom Bulgaria og Romaia til vaaren i Hellas. Eller skal vi ta snarvegen gjennom Slovenia til Italia og Middelhavet. Vi reknar dagar. Vi har reist nok med tog i Aust-Europa. Fin vintertur. Men nok er nok. Vi vel snarvegen. Den beste avgjerda? Kanskje ikkje…… Men du maa gjere val. Paa interrail. Og i livet elles. Vaaren og dagane valde snarvegen denne gongen!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *