Tunnel-kultur i Fatla

Rituale er kultur. Kultur kan vere prega av rituale. Eg har vore med muslimane på fredagsbøn, og eg har vore på konfirmasjonsgudsteneste. Ei vegopning kjem i same klasse. Det står om liv eller død, og sermonimeistrarne losar oss igjennom rituala. I Fatlaberget tok tunellopninga fem timar ute og inne.

Då vegen i Fatla mellom Sogndal og Leikanger opna for over 70 år sidan, så var det jobb for fylkesmann og ordførarar. Born og unge først, heiter det no. Born og unge har vorte stadig viktigare ved veg-opningar. Fatla-opninga forsterkar denne trenden med tunnelmars. Sjølv om dei to ordførarane gjekk fremst, og enkelte grå musikantar var å sjå, så var det 250 skuleborn og skulemusikk som fyrst aula ut av tunellen. Ungdomsapellen var vel på høgde med det som kom frå dei med skinande lenkjer om halsen.

Fjerdeklassingane på Leikanger hadde dempa ned stall og krybbe denne adventen. Dei hadde laga Fatlatunellen i isopor, og eit veggteppe (vegteppe-aplikasjon) av Fatlaelvi. Om Josef og Maria skulle til Betlehem, så er kanskje ras-trygg veg til Sogndal vel så aktuelt denne adventen. Kulturprogramet vart i lengste laget medan vi venta på Liv Signe, men song og musikk frå flinke ungdommar varma oss i lag med graut og kaffi.

Så kom Liv Signe vakkert dalande ned i skjul – utan forstyrrande sjåfør denne gongen – direkte i helikopter frå statsråd på slottet. Liv Signe dryssa om seg med milde gåver i to bomfrie veker. Slik gjorde ho opp for at ho hadde skulka julelunsjen hjå kongen for å skjere flaggsnora i Fatla. Ho treivst betre i Fatla og på vegmiddag enn på kongelunsj, sa ho, og eg trur ho. Ho kom til sine eigne, og dei tok i mot ho.

Fatlaveg-opninga for over 70 år sidan var prega av menn. No har vi både kvinneleg statsråd og prosjektleiar – Susanne Svardal. Susanne var tydeleg merka av presset frå media og andre forståsegpåarar i samband med den store startsalva som demde opp Fatla-elvi og fekk debatten til å gå høgt om tunellen er lang nok. Ho siterte Ola Tveiten si legendariske vegslusk-vise; viss du ikkje tykkjer vegen er bra, ”så til helvete kan du dra, sudelida sudeldei”. Svardal la ei inderlegheit i denne replikken, som ingen andre kom i nærheita av på dei fem timane.

Kulturhendinga omkring Fatla-opninga hadde både alvor og spøk. Det store alvoret vart minna med eit minutt stille til minne om den unge jenta som omkom i rasulukka her i fjor. Dødsulukka vart grundig markert ved tunnelopninga. Dette høyrer naturleg med, men kanskje vart det likevel litt i meste laget. Vil vi leve på Vestlandet, så vil vi alltid måtte leve under rasfare. Sjølv om vi no heldigvis er kvitt ein svært utsett rasveg.

Spøken stod mannskoret for med eit nummer frå Palmerevyen om ”Fatla-båten” som gjekk nesten tom jamsides med open veg i Falta godkjend av vegvesenet. Nesten tom båt trass i 800 underskrifter. Båten gjekk frå kai, medan aksjonsleiar Kai Lillehomb vinka frå den raske personbilen sin. ”Vi gjekk frå kai, men Kai kom ei” song mannskoret, og både minister, vegdirektorat og Kai Lillehomb sjølv måtte dra på smilebandet.

Sjølve skjeringa av snora stod Liv Signe for, og som skikken er, fekk ho kniven på kjøpet. Men kven skal halde i snora? Før i tida var det orden på dette, med berre ein mann i kvar ende. Men no hiv dei seg fram – vegvesen-karar, fylkesmann og alle med blanke kjede. Det er folksamt – mest på ein taudragar-konkurransen på 17. mai før i tida. Men hjå snorhaldarar og taudragarar i Fatla rår julefreden – som om ein har vore samde om alt nesten heile tida.

Det var som om alle var der, men i skuggen av Fatlaberget stod ein som ikkje vart funnen viktig nok til å halde i opningssnora. Det var aksjonsleiaren for Fatlatunel sidan tidleg på 90-talet – Kai Lillehomb. Kai og aksjonistane vart under heile opningssermonien lovprisa av politikarar så vel som vegbyråkratar. Men Kai fekk røyna at – eitt er å få gode ord, noko anna er det å verte funnen verdig til å halde i opningssnora!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *