Meggene i farta

Fire megger spelar revy i Dale. Ein lokalrevy om Dale. Om megger, kjønn og kropp. Om den handlekraftige og fartsglade Liv Signe. Og revyen er langt på veg like energisk som sitt idol – Liv Signe. Liv Signe får takk for Dalsfjord-brua, og den bru-skeptiske Firda-redaktøren får spit. Ferjemannskapet slår seg på fisking etter bruopninga, og dreg på tur til dugnadsbygda Holmedal, medan Torsheimen vil gå på den nye bro med Dale-sko-o-o-o-o.

Eg kosa meg mest når meggene klønte kjærleg etter to av dei mest moderne bedriftene i Dale. Publikum fekk vite korleis design-gjerdet på Transplant vart laga. Kosteleg lokalrevy. Og suksess-bedrifta Elis fekk vite korleis meggene kjenner seg ”living next door to Elis”. Spiten gjekk på at suksessbedrifta var svært så anonym og tilbaketrekt i lokalsamfunnet. Den kraftige applausen frå publikum er sikkert teikn på at denne var teken på kornet.

Det mest imponerande med revyen er at fire megger underheld oss med gnist og trøkk i eit bankande køyr i ein time og tre kvarter utan pause. Noko vart i lengste laget, men det er truleg for vanskeleg å skjere i eige stoff. Mange av nummera vert litt repeterande. Ein veit frå starten kvar det hamnar, og eg saknar overraskingar mot slutten. Meggene skjuler desse minusa med gnistrande speleglede og eminent typespel. Jamt over er typane og karakterane som vert framstilte veldig, veldig gode.

Revyen er gjennomgåande ”kjønnsleg og kroppsnær”. Rafinert kjønnshumor er ein vanskeleg revy-sport, og her synest eg meggene er på sitt svakaste. Det vert litt einspora under beltet, og enkelte av poenga må seiast å vere platte. Vonaleg går dette lettare heim hjå andre publikum enn hjå meg. Eg saknar ”antydningens kunst”.

Scene-romet er herleg enkelt, og kostymane står i stil med det gode typespelet. Her er lite fiksfakseri, og dei greier kjappe skift. At fire megger greier å få det til å gli så fint er imponerande. Teknikken med lyd og lys er på hogget, og meggene held seg med eit framifrå revyband. Heldige Dale, som har megger som tenkjer på viktigare ting enn ”sju kakesortar” den tredje helga i advent!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *