Kiri er eit smykke

Kiri til Åmot gard får oss til å ta den høge C. For Steinar. Som torer. Som smiler det til – i nettverket sitt. Som overlet laksefisket med henne til «lakselord» Frøysland. Steinar har Kiri-kalven i Høyanger og konfirmasjonspengar frå Florø med på laget. Visst handlar det om opera. Men meir om kreativitet og kontaktnett hjå Steinar S på Åmot gard. Kontaktnett i London og i Bygstad!

Er det viktig å få Kiri hit? Ja og nei. «Ja», fordi ho er eit glitrane smykke for kulturlivet vårt. Det syner veg for dei som vil tore. Vi treng brød og sirkus. Kiri er sirkus. «Nei», fordi konserten er «liten og dyr» for spesielt interesserte. Kulturlivet vårt må vere så mykje meir. Og heldigvis er det også det. Frå opera på Eid til Revy-megger i Dale!

Er 5000 kr dyrt? Kva kostar ein draum?

Er draumar viktige? For mange av oss er dei det. Vi som reknar tida i Molde i «før og etter» Miles Davis. Konserten gjekk midt på natta. Det vart mytar av slikt. Kvar var du når Brå braut staven i Holmenkollen……. eller når Sogndal fylgde Brann til døra på Ullevål? Nokre av oss gøymer på slike opplevingar. Andre plyndrar handelshusa for vintratrøyer og elektroniske dippeduttar. Ting vert utslitne, medan magiske minne vart blankare med åra.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *